fredag 12. september 2014

Solund – «Jonsokbåt»? 1.sept. – 4. sept. 2014.

Det var tida for at B3 friluftsliv skulle få oppleve kystfriluftslivet på Litle Færøy ute i havgapet Solund. På Litle Færøy skulle me besøke Roar blant anna kjent i frå, link "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", sesong 4, 3:6 og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", sesong 11, 3:4.
Me skulle få kunnskap til kystfriluftslivet med bruk av havkajakkker og tradisjonsbåtar. Klassen vart fordel med to dager roing og to dager grunnkurs havkajakk. På denne måten ville me få bekjentskap til det tradisjonelle og det moderne kystfriluftslivet. I dette blogg i skal eg ta for meg naturbasert turisme.

Kva er naturbasert turisme? Ligger det kanskje litt i ordet, turisme basert på naturen.
Fredman, Reinius & Lundberg (2008) definerer «naturturism omfattar människors aktiviteter när de vistas i naturområden utanför sin vanliga omgivning» s.24. Under denne definisjonen kjem begrep som «aktivitet», «naturområden» og «vanliga omgiviningen».
Med det meiner ein at naturturisme er det som omhandlar menneskelege aktivitetar når dei er i naturområder utanfor sitt vanlege omgivelsar (Fredman, 2009:23).

Det er to ulike oppfatninger rundt natubasert turisme, men det omfatter det samme:
Fredman (2009) def: «Naturbasert turisme er når ein er turist i eit naturområde. Ein ynskjer ein oppleving av naturmiljøet ein besøker». Døme: fjelltur til mountainbike.
Mehmetoglu (2006) def: «Naturbasert turisme er reiser der hensikten er å nyte naturen eller oppleve uberørt natur».

Naturbasert turisme kan delast opp i tre måter:
Turisme i naturmiljøer. Det er aktivitetsorientert, døme mountainbike. Ein driver ein spesiell aktivitet i eit naturmiljø.
Turisme med fokus på sjølve naturmiljøet. Ein legger meir vekt på sjølve staden ein er, døme jakt og fjellvandring. Ein ser på dyr- og fuglelivet.
Turisme med fokus på å bevare naturmiljøet. Krever særskilte retningslinjer, døme økoturisme. Ein reiser til området for å lære om og korleis kan ta vare på den.


Øyene rundt Little Færøy gav flotte kajakkturer (Foto: Morten A. Tryti)
Naturbasert turisme kan delast opp i fenomen og næring.
-          Fenomen: Er besøket i naturen utanom det vanlege.
-          Næring: Er tilbod av varer og tenester, aller som skal tene penger på turistane.


På ei av øyene fant me skjellrester
som vart utnytta på gardene (Foto: Morten A. Tryti). 


Roar fortalde at han ynskjer å ta vare på vår kulturarv ved å restaurere gamle båter som færingen og seksringen. Mange båtar opp i gjennom åra har blitt kasta på jonsokbålet da dei ikkje hadde bruk for robåtar meir når båtmotoren kom.

Ein seksring robåt til venstre og ein færing robåt til høgre (Foto: Morten A. Tryti)

Besøket på Litle Færøy gjorde at me fekk kjennskap til korleis dei bygde hus før i tida i tråd med naturen slik at det passa inn. Husa ute ved var bydt i pakt med naturen. Dei var tilpassa terrenget, ikkje sånn som ein ser forskjellige stader der hytter er bygd oppå ein høgde for å få utsikt.


Her stod det ein gammel fjøs
bygd i tråd med naturen (Foto: Morten A. Tryti).

Ein må ta vare på natur og dens historie. Med naturbasert turisme kan ein gjere det. Litle Færøy kan vere kulturminner og kulturlandskap. Det er verdifull kulturminner om korleis me levde før i tida. Det er viktig å ta vare på det for det er og har vert ein del av vår historie.

Hurtigbåten tilbake til Sogndal,
takk for denne gang Solund (Foto: Morten A. Tryti)

Kjeldar.

Fredman, P. R. (2009:23). Turism i natur. Definitioner, omfattning, statistikk. Turismforskningsinstitutet ETOUR.

Mehmetoglu, M. (2006) Naturbasert turisme. Fagbokforlaget, Bergen.




torsdag 4. september 2014

Klatring på Kvam – «Topp sikra!». 25-28. august 2014.

Det var klart for den første ekskursjonen vår ved B3 friluftsliv, som var klatring. Me skulle gjennomføre fire dager med klatring på Kvam for å få alle i klassen opp på det same nivået. Det vart også gjennomført brattkort for dei som hadde behov for det. I løpet av dei fire dagane var me innom sportsklatring sine metoder og risiko for klatring på lavlandsklippe. Me skulle lage gelendertau for ankomst til eksponerte topptaufester og ulike metoder for trygg rappell. Når me klatret skulle me få kjennskap til basis bevegelsesmønster for klatreteknikk. Siste dagen drog me til Veitastrond for å få kjennskap til buldrehistoria, fenomenet buldring og korleis ein kan bruke aktiviteten i vegleiingssamanhenger.
I dette innlegget skal eg å gå meir inn på ulike metoder for topptaufester.

Kva er topptaufeste? «Topptaufeste er det festet tauet løper gjennom når ein topptauklatrer blir sikret frå bakken» (Tronstad, 2005, s. 105).

Det er mange forskjellige metoder for å lage topptaufester. Min erfaring var at det enklaste  ofte var det beste. Å ta to 120 slynger rundt eit tre på størrelse med eit godt kvinnelår med ein vanleg- og ein skrukarabin er eit godt utgangspunkt, men det er ikkje alltid at ein kan bruke denne metoden. Derfor bør ein lære ulike metoder.


Til venstre: To 120 slynger festa samen med ein vanleg- og ein skrukarabin
Til høgre: Ei 120 slynge med overhandsknute (Foto: Morten A. Tryti).


Topptaufestet skal vere like sikkert som ein standplass. Tronstad (2005) skriver at ein skal finne seg minst to bombegode forankringer og ein må sørge for at desse ikkje kan løysne ved vandring og bevegelse, spesielt ved kamkiler (s.105). I forankringane kan ein feste ein utlikningsslynge. Med utlikningsslyngene samler ein fleire forankringer til eit toppfeste, slik at alle vert belasta likt (Tronstad, 2005).


Ein metode for å lage topptaufeste er å feste to ekspresskarabin i boltane. Så kobler ein 120 slynga i karabinene. Utlikner slyngen og ta enten ein dobbel åttetallsknute eller overhandsknute for å knyte løkka er neste steg (Gustavsson, 2012). Det er også mogleg å lage ein overhandsknute midt på slynga. Da plasserer ein knuten slik at den er utlikna og karabinerene skal i gjennom begge halvdelane av slynga (Gustavsson, 2012).

Til venstre: 120 slynge fester og utlikna. Midten: Overhandsknute eller åttetallsknuten. Til høgre: Ein vanleg – og ein skrukarabin i løkka (Foto: Morten A. Tryti).

Ein anna metode å lage løkka vert ofte kalla hundebeinmetoden.
Då lager ein overhandsknute midt på slyngen før ein fester den i forankringane. Knuten flytter ein slik at ankeret er utlikna og begge karabinerane skal i gjennom begge halvdelane av slyngen (Gustavsson, 2012)

Hundebeinmetoden (Foto: Morten A. Tryti).
Det er forskjellige krav som stilles til standplasser, topptaufester og rappellfester.
Tronstad (2005) skriver om kva krav festene må oppfylle og tåle av tenkt belastning kvar einaste gang (s.109):
·         Forankringspunktene skal vere bombesikre.
·         Festet skal bestå av minst to uavhengige forankringer.
·         Forankringa skal vere utlikna, sånn at samtlige fester belastast likt.
·         Innfestningspunktet skal vere stabilt, slik at ingen forankringar vert rykkbelasta viss ein anna skulle ryke.
·         Festet skal tåle belastning i alle retningar – også oppover.

I Gustavsson (2012) skriver han om ein hukseregel BULVIS for ankerbygging (s.157):
·         Bombesikre = Forankringspunktene må vurderast som garantert sikre.
·         Uavhengige = Forankringspunktene må vere uavhengige av kvarandre.
·         Likevekt = Ankerpunktet må vere utlikna.
·         Vinkel = Vinkelen mellom dei ytterste punktene må ikkje vere for stor.
·         Ingen Sjokkbelastning = Dei gjenverande forankringane må ikkje sjokkbelastes viss eit av punktane skulle løysne.

Klatretauet må ikkje ligge på skarpe kanter når ein klatrer på topptau. Det gjer at strømpen vert fort slitt og det vert tungt å hale inn tau. Det er fordi det vert stor belastning og friksjon mot fjellet. Når ein pakker saman tauet kan ein kan sjå etter lause fibrer på tauet (Tronstad, 2005). Viss ein skal lage ein rappellstasjon, har masse tau og det er ein kort vegg kan ein bruke tauet for å få tauet over kanten. 

Eit rappellfeste skal vere likt som kravene for topptaufeste kravene:
·         I tillegg skal det vere enkelt for deltakarane å kome seg over kanten og passe på at tauet ikkje kan sette seg fast når ein skal rappelere (Tronstad, 2005).

Dette var ein metode me brukte på klatrekurset:
1. Ein finner midten på tauet.
2.  Tauet legger ein dobbelt og om lag 1,5-2 meter frå midten lager ein åttetallsknuten.
3. Som i dette tilfellet legger ein tauet rundt treet som var vår forankring og trer tauenden i åttetallsknuten.
4. Knuten kan sikret med ein karabin slik at den ikkje kan gå opp igjen.
5. Legg tauet firedobbelt og lage ein åttetallsknute slik at den går over kanten.
·         Feste ein vanleg- og ein skrukarabin i løkka.
Rappelfeste punkt 1-4 (Foto: Morten A. Tryti). 


Rappelfeste oversikt (Foto: Morten A. Tryti).

Rappelfeste punkt 5. Knuten må vere lang nok
slik at karabinarane går over kanten (Foto: Morten A. Tryti).



Etter fire dager med klatring og buldring var det mogleg å fortsette med 3-dagers NF klatrekurs naturlig sikring. Eg var med på det kurset og me var innom ein metode for å lage standplass med tauet.
1. Lag ein åttetallsknute og fest det i den eine forankringa.
2. Lag ein åttetallsknute ned mot draretninga og lage ein åttetallsknute som går til den andre forankringa. 
3. Juster knutene slik at dei er like lange og utlikna
Gustavsson (2012) skriver om tilsvarande metoder i boka si (s.165).

Tre åttetalsknuter. Åttetalsknuten i midten er utlikna (Foto: Morten A. Tryti). 

Det er ikkje noko fasit på feste for topptau, kun i utførelse. På ulike stader må ein bruke ulike metoder for å feste topptau. Det er derfor viktig å kjenne til ulike måter å lage topptaufeste i «verktøyskassa» si.
Det er mange ulike måter å lage topptau, men det er nokre krav, og med hukseord som BULVIS, kan ein lage mange forskjellige sikringar.

Kjelder

Gustavsson, N. R. (2012). Klatrehåndboken. Oslo: Gyldendal.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akillis.


fredag 2. mai 2014

Sikre midler i snøen. Topptur Hurrungane 23-25. april 2014


Det var meldt knall flott vær med blå himmel og strålande sol til oss når me skulle på topptur i Hurrungane 23-25. april 2014. Anmarsjen inn til Ringsbotnen var lang med 25 kg sekk og splittboard, men med god vær gjekk det med eit smil. Me vart delt inn i forskjellige gruppe med rulleringstjeneste på redning på snødekt bre, glisade og GPS. På denne turen skulle læringsmåla vere snøkjennskap, veivalg i bratt lende, kjøremønster, glisade, sikringsmiddel i snø, redning på snødekt bre og GPS. I dette innlegget ynskjer eg å ta for meg sikringsmidler i snø da dette er relevant med tanke på redning på snødekt bre og anna sikringsbehov.  


Snøanker
(Foto: Oslosportslager.no)


Grivel Nepal S.A. 58cm breøks 
(Foto: fjellsport.no)

Bruk av snøanker og isøks som sikringsmiddel satt meget god da me hadde kram og god snø. Taulaget mitt opplevde viktigheita å laga eit T-form til isøksa da veiledaren gav ut litt tau på sikringstauet for at undertegne skulle henge i hovudtauet. Snøankeret som skulle avbelaste hovudtauet løsna da det fekk belastning som gjorde at undertegne rykka litt lenger ned. Feilen var at det ikkje var ein T-form snøen til snøankeret og tauet i draretninga (Haslene, 2011). Ein kan i tillegg pakke snø oppå for ekstra sikkerheit.



Nedgravd isøks som sikringsmiddel i snø i ei T-form med spor til ein slynge.
(Foto: Haslene, 2011)

Det er fleire alternativer for å sette sikring i snø. Ein kan bruke snøanker, snøbolter, isøks, ski eller sekk (Haslene, 2011). Ein graver utstyret på tvers av dragretgninga og kor djupt ein skal grave ned sikringa kjem ann på snøforholda. For å bruke sikringa legger ein ei slynge på balansepunktet og fester ein karabiner til tauet ein skal sikre seg med (Haslene, 2011).

Snøanker i ei T-form med spor til vaieren.
(Foto: Haslene, 2011)
Snøanker vinkler ein 45 grader mot dra retninga.
(Foto: Haslene, 2011)
Når ein setter ein sikringsmiddel i snøen varierer kor langt ned ein må grave grunnet kvaliteten av snøen. På vinteren når snøen er tørr og lett med lite lagdeling og kompakt, vil den gje dårleg sikring. Når det nærme seg sommaren vil snøen vere våt og tyngre som gir godt feste for sikringsmidlar (Haslene, 2011)

For at ikkje snøankeret skal bli tratt opp igjen ved belastning skal ein lage ein T-form i draretninga og ein setter den i 45 grader vinkel vekk i frå draretninga. Ein kan godt pakke snø oppå og dra den med kroppsvekt i draretninga for å kjenne at den sitter. Har ein for liten eller stor vinkel på snøankeret vil det skjære seg sjølv opp eller ut. Har ein derimot riktig vinkel, men ikkje gravd spor til vaieren vil snøankeret bli dratt opp og ut ved belastning som skjedde hos oss (Haslene, 2011).

Ski kan brukast som improvisert sikringsmiddel i snø. Pass på at stålkantane på skiene er vendt vekk frå  slynga.
(Foto: Haslene, 2011)
Ingen situasjonar ein kjem opp i vil alltid vere like. Da må ein improvisere med det tilgjengeleg utstyret ein har og kunnskapen. Med litt tenkning vil ein finne den beste løysinga på situasjonen. Ein kan faktisk bruke så lite som ein kakaopose som sikringsmiddel i snøen. Kakaoposen holdt ein av studentane ganske bra med belastning. Det skal seiast at studenten som prøvde dette gjorde det under trygge forhold på flatmark.    

Kjelder

Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.








fredag 28. mars 2014

På feil kurs? Eigenferd 14-21.mars 2014


Det var tid for eigenferd. Ein eigen planlagt tur på våre eigne premissar og val. Dette var noko eg hadde sett fram til ganske lenge. Eg ynskja å gå ein lenger vinterfriluftstur der ein fekk prøvd seg litt. Eg snakka litt med andre i klassen og forslaget mitt om Rondane vart valt. Me var opprinneleg fire gutar som skulle på tur, men den eine deltakaren vart skada før turen og kunne ikkje vera med. Me skulle gå Rondane på langs frå Hjerkinn til Ringebu. Turen var basert på ut.no sitt «Rondane på langs» forslag. Me køyrde fredag den 14. mars til Ringebu der me satt  i frå oss bilen og tok toget til Hjerkinn. Me skulle gå vere på tur frå fredag til fredag og alle gjekk med pulker. Etappane kvar dag låg på ein rundt 15-20 km. Me kom til Ringebu på fredag og da hadde me lagt bak oss om lag 132 km. Tema for dette blogginnlegget vil vere orientering da meste parten av tiden vår bestod akkurat å orientere oss i terrenget.

Ei av dei flotte utsiktene vår på turen (Foto: Morten André Tryti)

Orientering når ein er på tur er viktig. Det er viktig å ha kartkontakt og kunne lese kartet (Horgen, 2010). På vinteren, gjer snøen det slik at alt ser likt ut og ein vil ikkje kunne sjå terrengformasjonane. Når eg orienterte blei ein kombinasjon med kompasskurs og lendeorientering brukt. Det fungerte bra for meg. I nokre områder av turen var det lite haldepunkta å gå etter, slik at det var vanskeleg å gå rett mot området me skulle (Horgen, 2010). På turen byta me å orientere for å trene på dette. Me orienterte ein halv dag og ein helg dag kvar som me rullerte på. Ein teknikk me brukte når det var «white-out» for å få effektivitet i gåinga vår var at alle var med på orienteringa. Eg gjekk på kompasskurs og brøyta veg. Nummer tre gjekk med kompasset framme og brukte nummer to for å sjå om eg gjekk rett og korrigerte meg (Horgen, 2010). Dei ropte «bra kurs, litt høgre/venstre osv». Dette fungerte bra og me brukte denne teknikken ved eit par annledningar der me ikkje hadde noko festepunktar (Horgen, 2010). Etter kvart som ein kom inn i rutinarne, tok me ut kursen i teltet når ein var varme og gode.

"White-out" orientering nest siste dagen (Foto: Morten André Tryti )

Før me sette i gang og gå, gjekk me i gjennom kva den enkelte hadde tenkt om etappen og me tok alle ut kompasskursar for å kontrollere at ein hadde gjort det riktig. På denne måten unngjekk me at nokon hadde vert unøyaktig og gjort den klassiske feilen ved å snu kompasset og tatt ut 180 grader feil kurs (Horgen, 2010). Når me orienterte brukte me ledelinjer og fanglinjer. Ledelinjer er for eksempel ein gjenkjennbar terrengformasjon som me kan følje for å halde kursen vår (Horgen, 2010). Fanglinjer er eit oppfang som forteljer oss om kor me har kome. Fanglinjer kan for eksempel vere ein markert stigning eller ein veg.

12 km langt festepunkt opp mot Gråhøgdbu frå Eldåbu
Ei hending på turen var når me skulle ned til Haverdalsmunnen (2 etappen, Grimsdalshytta-Dørålseter). I Haverdalsmunnen var det store morenerygger. Dei store moreneryggane var ikkje merka av på kartet og gjorde nedstiginga for å kome seg over elva vanskeleg med pulk. Me kalla dei 19,5 meterarar. Dette gjorde at me fekk ein openbaring med kart i mot terreng, over kva som gjenspeilast på kartet. Dette var ein god erfaring.
Morenerygger ved Haverdalsmunnen. Ser ikkje bratt ut, men farleg nok
(Foto: Morten André Tryti)
Eigenferden vår var kjempe bra. Me fekk trent bra på temane som ein er innom på ein lenger vinterfriluftstur. Ein morsom oppleving var når me gå frå stikka løype og over ei tilsynelatande flatt myr område. Når me gjekk over den var det fullstendig «white-out» og ingen kontraster eller festepunkter og gå etter. Når me byrja og å gå gjekk den fremste rett inni ein skavel, om lag ein 2,5-3 meter høg skavel som var rett foran oss. Ingen av oss såg at den var der. Me måtte gå nokre titals meter til sida for å forsere og kome oss over den. Den overraska oss og gjorde at me var litt skjerpa. Det gjorde at den fremste mannen gjekk då med skistavane sine litt foran seg viss me skulle plutseleg gjekk utfor ein sånn skavel.
Den eine dagen eg skulle orientere så var eg på feil kurs. Til slutt stoppa dei meg for å høyre kva eg tenkte. Me kom fram til at eg hadde feil kurs. Eg hadde gps’en og eit kamera i brystlommene på jakka og mest sannsynleg var dei som utgjorde feilen. Eg er eigentleg på passeleg med forstyrrelsar og kompass, men kanskje akkurat denne gangen var eg ikkje det. Den hendinga gjorde og har gjort meg meir oppmerksamd på ulike orienterings forstyrringar.

Orientering er noko som krev trening, spesielt på vinteren. Får å få den treninga må ein kome seg ut på tur. Så da gjenstår det bare ein ting å gjere det er å kome seg ut. Lykke til!

Me planla turen vår etter Ut.no sin  «Langtur på ski fra Hjerkinn til Lillehammer», men me gjekk bare til dag 5 og frå Gråhøgda til Fålåmyra (nord for Ringebu).
Ta kontakt viss ein ynskjer tips angåande vår tur. Morten: mortentr12@gmail.com

Kjelder

Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.


onsdag 19. februar 2014

Kameratredning – kameraten din kan redde deg! Topptur i Vigdalen 11-12.februar 2014

Det var endeleg duket for topptur base for B2 friluftsliv gruppa. Gruppa skulle gå inn til Vigdalen onsdagen den 11.februar og overnatte til torsdag. Gruppa skulle gå på topptur til Buskrednosi den eine dagen og gjennomføre kameratredning i snøskred andre dagen,  men dette var væravhengig. I dette blogginnlegget skal eg ta for meg kameratredning i snøskred da eg syns det er veldig essensielt og viktig.

Snøskred går også i flott solvær. Tatt innerst i Vigdalen mot Kattøyro (Foto: Morten André Tryti)


Onsdagen vart gruppa delt i to og me fekk prøvd oss på ulike scenario. I snøskred er det kaotisk da det er vanskeleg å få og halde oversikt. Me var ei stor gruppe og det var ei utfordring å få organisert oss. Eg prøvde å ta litt styring på slutten da eg har ledererfaring frå Forsvaret, men ein vert fort engasjert og då kan ein miste oversikta. I tillegg så var me ei stor gruppe (om lag 10 stk) med ulike erfaringar med snøskred. Det gjorde at enkelte visste kva som måtte gjerast, mens andre stod og venta på å få noko å gjera. Eg syns det viktigaste ved ein snøskredulykke er at nokon tar styring. Det er viktig for å få organisert seg sjølv og iverksatt handlingar.

Blikk, ledelsen og organisering: 
1. Det første ein gjer før ein setter i gang, er å følgje den eller dei skredtatte med blikket. Legg merke til medrivingspunktet og forsvinningspunktet. Det gir eit utgangspunkt for kor ein skal byrja å søke og definere ein primærsøketeig (Horgen, 2010).
Medrivingspkt., forsvinningspkt. og søkeområde
(breogfjell.no)
2.   Så må ein i gruppa ta ledelsen  for å få organisere gruppa. Ein kan be gruppa klargjere spade, søkestang og at alle tar over sendar/mottakaren sin til «motta/search».
3   Samtidig kan den som har tatt leiinga tenke over kor gruppa kan trygt samlast, kor dei skal sette i frå seg utstyr, kva og korleis dei skal gjennomføre kameratredninga (Horgen, 2010)
4.   Ein må vurdere eigensikkerheit om det er sikkert å gå inn i området og om det er fare for etterskred (Horgen, 2010). For å ha lettare oversikt kan ledaren stå nedanfor skredet. Når gjengen er ferdig med klargjeringa, kan ein få i oppgåve å ta med seg skistavane for å markere eventuelt forsvinningspunkt ved å sette dei i eit kryss (Horgen, 2010). Vedkommande som er ved forsvinningspunktet gjennomfører eit søk i området med søkestanga. 
5.  Varsle. Ein anna person kan få i oppgåve å sjekke mobildekning og varsle at nokon er tatt i eit snøskred. Vedkommande som varsler skal oppgje namnet sitt, kva som har skjedd, kor dette har skjedd med kartblad, stadsnamn og rutetilvisning.


Overflatesøk:
  1. Dei resterande tilgjengelege personane gjennomfører eit overflatesøk nedanfor forsvinningspunktet, både opp- og nedover for å sjå på området frå ulike vinklar (Horgen, 2010).
  2. Ein søker i det området ein har definert som primærsøketeig. Det vil vere der kor det er mest sannsynleg kor offeret ligger som for eksempel rundt steiner og trær som fungerer som bakevjer. Finn ein ikkje den savna i overflatesøket, går ein over primæresøketeigen med søkelinje med søkestang (Horgen, 2010).

Overflatesøk ved ein stein og skigjenstander i eit snøskred scenarioet (Foto: Morten André Tryti)
Søkelinjer med søkestang:
1.       Ledaren for søkelinja stiller seg på ei av sidene. Avstanden mellom personane i søkelinja skal vere fingertupp til fingertupp som gjer at ein dannar eit 75 cm rutenett når ein stikker eit trepunktsøk (Horgen, 2010).
2.       Med eit trepunktsøk stikker ein rett ned på underlaget med strake armer til høgre-, rett foran- og venstre for seg sjølv. Ein stikker søkestanga 2 meter ned fordi dei fleste snøskredtatte ofra ligger på rundt 1,5 meter og vil ta for lang tid å stikke lenger ned.
3.       Har ein gjennomført trepunktsøk, tar ein søkestangtuppen 70 cm (om lag midt på låret på folk flest) foran seg og legger den den på skuldra (Horgen, 2010). Det gjer at søkelinjeledaren ser at alle er ferdig, roper «søk». Då tar alle eit steg fram til søkestangtuppen og gjennomfører eit nytt trepunkt søk på den staden. Har ein fått funn, melder ein i frå til ledaren og ein kan starte med framgravinga.

Søkelinje med søkelinje ledaren nærmast biletet (Foto: Morten André Tryti)

Framgraving:
1. Har ein lokalisert offeret, bør ein unngå å tråkke rett oppå offeret. Sjå på søkestanga kor langt ned ein må grave (Horgen, 2010). Er det over ein halv meter ned til offeret starter ein lenger nede for å grave ei sjakt inn til personen. 
2. Start med spaden for å få vekk snømassane. Etter kvart som ein nærmar seg kan ein bruke hendene for å frigje hovudet og brystkassa for å få frie luftveier. Dette er viktig fordi det er ein kvelningsfare ved snøskred (Horgen, 2010)
3.  Sjekk puls og pust og start umiddelbart HlR viss det er behov. Grav forsiktig fram resten av kroppen og ikkje flytt offeret før ein veit skadeomfanget (Horgen, 2010). Offeret kan ha fått mekaniske skader når vedkommande vart tatt av snøskredet. 
4. Flytte den skadde i ein varmepakke som for eksempel består av liggeunderlag og sovepose inni ein jervenduk. Forebygg vidare nedkjøling sidan snøen isolerer pasienten mot dei ytre elementane når ein graver vedkommande ut. Pasienten transporterast ut av skredet i varmepakken.

Framgraving av pasient (Foto: lokal.rodekors.no)

I dei scenarioene var det tidtaking slik at ein kunne sjå kor lang tid ein brukte og om eventuelt ofra ville overleve. Dei første 15 minuttene er kritiske da sjansen for overlevelse synker dramastisk frå 90% (Horgen, 2010). I det eine scenarioet var det tre offer. Gruppa mi fant og fekk grav ut dei to med skredsøker etter om lag 4-6 minutt. Dette var fordi dei var djupt begravd godt over 1,5 meter. Det siste offeret fant me ikkje før me hadde gått søkelinje i fleire områder og etter om lag 20-25 minutter. Moralen er altso å alltid ha skredsøker med seg når ein ferdast i skredfarleg terreng. Huskeregelen ASSS er fin som står for Alltid Spade, Søker, Søkestang (Brattlien, 2012).


Når ein er på tur med andre er det viktig at dei har den grunnleggande kunnskapen som skal til for å redde deg viss ein skulle bli tatt av snøskred. Ta ledelsen, varsle og alltid spade, søker og søkestang er viktige nøkkelord.  

Kjelder

Brattlien, K. (2012). Den lille snø skred boka. Oslo: Fri Flyt As.
Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høgskuleforlaget.


fredag 7. februar 2014

Kullos, skjult fare! Vinterfriluftstur Hemsedal 27.januar til 31.februar 2014.

Det var godt vintervær ute og me skulle på ein real vintertur til Hemsedal. Veka før turen hadde me ein testtur til Haukåsen der målet var å teste personleg- og fellesutstyr. Me skulle få erfaringer og kunnskap om leirlivet på vinterstid med tanke på teltoppsett, bygging av levegger og latrine. I  tillegg var me innom bruk av kokeapparat i telt, vinterorientering (sjå tidlegare innlegg om krysspeilling) og tilpassing av skiutstyr. Det var sterk kuling i fjella på mandagen når me skulle byrja å gå. Det var meget dårleg vær og framdrifta gjekk treigt. Det gjorde at me var ein dag bak skjema. I tillegg fekk me diverse sjukdommer og utstyrssvikt som hindra oss i å gå den opprinnelege planen. Tilslutt vart det "kasta inn handkleet" og me drog tilbake til Sogndal på tordagen. I dette blogginnlegget ynskjer eg å sette fokus på bruk av kokeapparat i telt.

Matlaging på tur. To primuser med kjeler samtidig lager aukar mengden kullosdanning i teltet (Foto: Morten  A. Tryti).


På denne turen var eg veldig klar og bevisst på at kullos kunne forekome ved bruk av kokeapparat i telt. Kullos kan oppstå ved matlaging og at kokeapparatet ikkje brenner reint altså har ein blå flamme. Når me lagde mat hadde me begge teltluftingane open for å få nok lufting. For å ikkje få så mykje kondens i innerteltet var det lukket igjen.
Mi erfaring frå Forsvaret er at ein ofte brukte to primusar (Optimus 111) samtidig for å få varme i teltet. Det varierte kor godt folk kunne bruke brennarane noko som kunne resultere i at dei ikkje brant reint (blå flamme). Dette kunne ein sjå på den enkelte då sot samla seg under nasen og rundt munnen.
Eit tips som me brukte på turen for å unngå kondens i telt var å bruke lokk på kjele ved matlaging. Saman med god lufting slapp me unna «regn»-drypp inni teltet. For at snøsmelting skal gå fortare og ein skal lage mindre avgasser kan ein ha igjen litt av det varme vatnet i kjelen når ein skal smelte meir snø (Horgen, 2010). Då vil ein ha jamnare temperatur i kjelen og spare litt av drivstoffet.

Det er viktig med god ventilasjon når ein bruker kokeapparat i telt fordi dei dannar karbonmonoksid (CO), også kalla kullos. Eit nedsnødd telt eller for tett telt med ingen lufting vil gjere at lufta inni teltet ikkje vert skifta og det vert for høge CO verdiar (Horgen, 2010). Kullos er ein giftig gass utan farge og lukt. Den dannast når ein brenner karbonholdig material og det er ufullstendig lufttilførsel (Horgen, 2010). I vårt tilfelle vil det vere rensa bensin på kokeapparatet vårt. Hemoglobinet som fraktar oksygen i kroppen vår tar om lag 200 gangar lettare opp CO enn oksygen (Valle, 2012). Symptomane på kullosforgiftning vil vere hovudpine og kvalme og ein føler seg uvel. Behandlinga for symptomane er å få pasienten ut i frisk luft (Valle, 2012). Kosefyrer ein utan kjele avgir primusen normale mengdar kullos, men når ein brukar kjele aukar CO nivået fordi det er ufullstendig brenning (Valle, 2012).






Foto: Primus Etapower med varmevekslar (ferrehogar.es).

Eg har opplevd i Forsvaret å vakna midt på natta fordi fyringsvakta måtte gjennomføre full gjennomlufting av teltet fordi det var for mykje kullos inni teltet. Når eg tenkjer tilbake på den episoden så hadde eg nok kanskje litt av syntomane som hodepine og kvalme. Eg reiste meg opp den gangen for å hjelpe vedkommande med primusane og for å trekke frisk luft. Alle soldater og befal fekk innføring i kullos problematikken når eg jobbet i Forsvaret og ein visste kva og korleis ein skulle handtere ein slik situasjon.
Så lenge ein er klar over og tar forhandregler at kokeapparatet dannar kullos og store mengder kullos når ein brukar kjele går det bra. Leser ein artikkelen vil ein sjå når ein brukar Primus Erapower kjele med varmevekslar aukar kullos mengden.  

Interessant lesestoff her (Friluftsliv magasinets artikkel om kullos).

Kjelder

Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.

Valle, R. (2012). Kullos - usynlig, luktfri og dødelig. Henta 02 18, 2014 frå Friluftsliv.no: www.friluftsliv.no/images/pdf/kullos.pdf