Det var godt vintervær ute og me skulle på ein real vintertur
til Hemsedal. Veka før turen hadde me ein testtur til Haukåsen der målet var å
teste personleg- og fellesutstyr. Me skulle få erfaringer og kunnskap om
leirlivet på vinterstid med tanke på teltoppsett, bygging av levegger og
latrine. I tillegg var me innom bruk av
kokeapparat i telt, vinterorientering (sjå tidlegare innlegg om krysspeilling) og
tilpassing av skiutstyr. Det var sterk kuling i fjella på mandagen når me skulle byrja å gå. Det var meget dårleg vær og framdrifta gjekk treigt. Det gjorde at me var ein dag bak skjema. I tillegg fekk me diverse sjukdommer og utstyrssvikt som hindra oss i å gå den opprinnelege planen. Tilslutt vart det "kasta inn handkleet" og me drog tilbake til Sogndal på tordagen. I dette blogginnlegget ynskjer eg å sette fokus på
bruk av kokeapparat i telt.
Matlaging på tur. To primuser med kjeler samtidig lager aukar mengden kullosdanning i teltet (Foto: Morten A. Tryti). |
På denne turen var eg veldig klar og bevisst på at kullos
kunne forekome ved bruk av kokeapparat i telt. Kullos kan oppstå ved matlaging
og at kokeapparatet ikkje brenner reint altså har ein blå flamme. Når me lagde
mat hadde me begge teltluftingane open for å få nok lufting. For å ikkje få så
mykje kondens i innerteltet var det lukket igjen.
Mi erfaring frå Forsvaret er at ein ofte brukte to primusar (Optimus
111) samtidig for å få varme i teltet. Det varierte kor godt folk kunne bruke
brennarane noko som kunne resultere i at dei ikkje brant reint (blå flamme).
Dette kunne ein sjå på den enkelte då sot samla seg under nasen og rundt
munnen.
Eit tips som me brukte på turen for å unngå kondens i telt
var å bruke lokk på kjele ved matlaging. Saman med god lufting slapp me unna
«regn»-drypp inni teltet. For at snøsmelting skal gå fortare og ein skal lage
mindre avgasser kan ein ha igjen litt av det varme vatnet i kjelen når ein skal
smelte meir snø (Horgen, 2010) . Då vil ein ha jamnare temperatur i
kjelen og spare litt av drivstoffet.
Det er viktig med god ventilasjon når ein bruker kokeapparat
i telt fordi dei dannar karbonmonoksid (CO), også kalla kullos. Eit nedsnødd
telt eller for tett telt med ingen lufting vil gjere at lufta inni teltet ikkje
vert skifta og det vert for høge CO verdiar (Horgen, 2010) . Kullos er ein
giftig gass utan farge og lukt. Den dannast når ein brenner karbonholdig
material og det er ufullstendig lufttilførsel (Horgen, 2010) . I vårt tilfelle vil det vere rensa
bensin på kokeapparatet vårt. Hemoglobinet som fraktar oksygen i kroppen vår
tar om lag 200 gangar lettare opp CO enn oksygen (Valle, 2012) . Symptomane på
kullosforgiftning vil vere hovudpine og kvalme og ein føler seg uvel.
Behandlinga for symptomane er å få pasienten ut i frisk luft (Valle, 2012) . Kosefyrer ein utan
kjele avgir primusen normale mengdar kullos, men når ein brukar kjele aukar CO
nivået fordi det er ufullstendig brenning (Valle, 2012) .
Eg har opplevd i Forsvaret å vakna midt på natta fordi
fyringsvakta måtte gjennomføre full gjennomlufting av teltet fordi det var for
mykje kullos inni teltet. Når eg tenkjer tilbake på den episoden så hadde eg nok
kanskje litt av syntomane som hodepine og kvalme. Eg reiste meg opp den gangen
for å hjelpe vedkommande med primusane og for å trekke frisk luft. Alle
soldater og befal fekk innføring i kullos problematikken når eg jobbet i
Forsvaret og ein visste kva og korleis ein skulle handtere ein slik situasjon.
Så lenge ein er klar over og tar forhandregler at
kokeapparatet dannar kullos og store mengder kullos når ein brukar kjele går
det bra. Leser ein artikkelen vil ein sjå når ein brukar Primus Erapower kjele
med varmevekslar aukar kullos mengden.
Interessant lesestoff her (Friluftsliv
magasinets artikkel om kullos).
Kjelder
Horgen, A.
(2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand:
Høyskoleforlaget AS.
Valle, R. (2012). Kullos - usynlig, luktfri og
dødelig. Henta 02 18, 2014 frå Friluftsliv.no:
www.friluftsliv.no/images/pdf/kullos.pdf
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar