onsdag 19. februar 2014

Kameratredning – kameraten din kan redde deg! Topptur i Vigdalen 11-12.februar 2014

Det var endeleg duket for topptur base for B2 friluftsliv gruppa. Gruppa skulle gå inn til Vigdalen onsdagen den 11.februar og overnatte til torsdag. Gruppa skulle gå på topptur til Buskrednosi den eine dagen og gjennomføre kameratredning i snøskred andre dagen,  men dette var væravhengig. I dette blogginnlegget skal eg ta for meg kameratredning i snøskred da eg syns det er veldig essensielt og viktig.

Snøskred går også i flott solvær. Tatt innerst i Vigdalen mot Kattøyro (Foto: Morten André Tryti)


Onsdagen vart gruppa delt i to og me fekk prøvd oss på ulike scenario. I snøskred er det kaotisk da det er vanskeleg å få og halde oversikt. Me var ei stor gruppe og det var ei utfordring å få organisert oss. Eg prøvde å ta litt styring på slutten da eg har ledererfaring frå Forsvaret, men ein vert fort engasjert og då kan ein miste oversikta. I tillegg så var me ei stor gruppe (om lag 10 stk) med ulike erfaringar med snøskred. Det gjorde at enkelte visste kva som måtte gjerast, mens andre stod og venta på å få noko å gjera. Eg syns det viktigaste ved ein snøskredulykke er at nokon tar styring. Det er viktig for å få organisert seg sjølv og iverksatt handlingar.

Blikk, ledelsen og organisering: 
1. Det første ein gjer før ein setter i gang, er å følgje den eller dei skredtatte med blikket. Legg merke til medrivingspunktet og forsvinningspunktet. Det gir eit utgangspunkt for kor ein skal byrja å søke og definere ein primærsøketeig (Horgen, 2010).
Medrivingspkt., forsvinningspkt. og søkeområde
(breogfjell.no)
2.   Så må ein i gruppa ta ledelsen  for å få organisere gruppa. Ein kan be gruppa klargjere spade, søkestang og at alle tar over sendar/mottakaren sin til «motta/search».
3   Samtidig kan den som har tatt leiinga tenke over kor gruppa kan trygt samlast, kor dei skal sette i frå seg utstyr, kva og korleis dei skal gjennomføre kameratredninga (Horgen, 2010)
4.   Ein må vurdere eigensikkerheit om det er sikkert å gå inn i området og om det er fare for etterskred (Horgen, 2010). For å ha lettare oversikt kan ledaren stå nedanfor skredet. Når gjengen er ferdig med klargjeringa, kan ein få i oppgåve å ta med seg skistavane for å markere eventuelt forsvinningspunkt ved å sette dei i eit kryss (Horgen, 2010). Vedkommande som er ved forsvinningspunktet gjennomfører eit søk i området med søkestanga. 
5.  Varsle. Ein anna person kan få i oppgåve å sjekke mobildekning og varsle at nokon er tatt i eit snøskred. Vedkommande som varsler skal oppgje namnet sitt, kva som har skjedd, kor dette har skjedd med kartblad, stadsnamn og rutetilvisning.


Overflatesøk:
  1. Dei resterande tilgjengelege personane gjennomfører eit overflatesøk nedanfor forsvinningspunktet, både opp- og nedover for å sjå på området frå ulike vinklar (Horgen, 2010).
  2. Ein søker i det området ein har definert som primærsøketeig. Det vil vere der kor det er mest sannsynleg kor offeret ligger som for eksempel rundt steiner og trær som fungerer som bakevjer. Finn ein ikkje den savna i overflatesøket, går ein over primæresøketeigen med søkelinje med søkestang (Horgen, 2010).

Overflatesøk ved ein stein og skigjenstander i eit snøskred scenarioet (Foto: Morten André Tryti)
Søkelinjer med søkestang:
1.       Ledaren for søkelinja stiller seg på ei av sidene. Avstanden mellom personane i søkelinja skal vere fingertupp til fingertupp som gjer at ein dannar eit 75 cm rutenett når ein stikker eit trepunktsøk (Horgen, 2010).
2.       Med eit trepunktsøk stikker ein rett ned på underlaget med strake armer til høgre-, rett foran- og venstre for seg sjølv. Ein stikker søkestanga 2 meter ned fordi dei fleste snøskredtatte ofra ligger på rundt 1,5 meter og vil ta for lang tid å stikke lenger ned.
3.       Har ein gjennomført trepunktsøk, tar ein søkestangtuppen 70 cm (om lag midt på låret på folk flest) foran seg og legger den den på skuldra (Horgen, 2010). Det gjer at søkelinjeledaren ser at alle er ferdig, roper «søk». Då tar alle eit steg fram til søkestangtuppen og gjennomfører eit nytt trepunkt søk på den staden. Har ein fått funn, melder ein i frå til ledaren og ein kan starte med framgravinga.

Søkelinje med søkelinje ledaren nærmast biletet (Foto: Morten André Tryti)

Framgraving:
1. Har ein lokalisert offeret, bør ein unngå å tråkke rett oppå offeret. Sjå på søkestanga kor langt ned ein må grave (Horgen, 2010). Er det over ein halv meter ned til offeret starter ein lenger nede for å grave ei sjakt inn til personen. 
2. Start med spaden for å få vekk snømassane. Etter kvart som ein nærmar seg kan ein bruke hendene for å frigje hovudet og brystkassa for å få frie luftveier. Dette er viktig fordi det er ein kvelningsfare ved snøskred (Horgen, 2010)
3.  Sjekk puls og pust og start umiddelbart HlR viss det er behov. Grav forsiktig fram resten av kroppen og ikkje flytt offeret før ein veit skadeomfanget (Horgen, 2010). Offeret kan ha fått mekaniske skader når vedkommande vart tatt av snøskredet. 
4. Flytte den skadde i ein varmepakke som for eksempel består av liggeunderlag og sovepose inni ein jervenduk. Forebygg vidare nedkjøling sidan snøen isolerer pasienten mot dei ytre elementane når ein graver vedkommande ut. Pasienten transporterast ut av skredet i varmepakken.

Framgraving av pasient (Foto: lokal.rodekors.no)

I dei scenarioene var det tidtaking slik at ein kunne sjå kor lang tid ein brukte og om eventuelt ofra ville overleve. Dei første 15 minuttene er kritiske da sjansen for overlevelse synker dramastisk frå 90% (Horgen, 2010). I det eine scenarioet var det tre offer. Gruppa mi fant og fekk grav ut dei to med skredsøker etter om lag 4-6 minutt. Dette var fordi dei var djupt begravd godt over 1,5 meter. Det siste offeret fant me ikkje før me hadde gått søkelinje i fleire områder og etter om lag 20-25 minutter. Moralen er altso å alltid ha skredsøker med seg når ein ferdast i skredfarleg terreng. Huskeregelen ASSS er fin som står for Alltid Spade, Søker, Søkestang (Brattlien, 2012).


Når ein er på tur med andre er det viktig at dei har den grunnleggande kunnskapen som skal til for å redde deg viss ein skulle bli tatt av snøskred. Ta ledelsen, varsle og alltid spade, søker og søkestang er viktige nøkkelord.  

Kjelder

Brattlien, K. (2012). Den lille snø skred boka. Oslo: Fri Flyt As.
Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høgskuleforlaget.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar