Det var tid for eigenferd. Ein eigen planlagt tur på våre
eigne premissar og val. Dette var noko eg hadde sett fram til ganske lenge. Eg
ynskja å gå ein lenger vinterfriluftstur der ein fekk prøvd seg litt. Eg snakka
litt med andre i klassen og forslaget mitt om Rondane vart valt. Me var
opprinneleg fire gutar som skulle på tur, men den eine deltakaren vart skada
før turen og kunne ikkje vera med. Me skulle gå Rondane på langs frå Hjerkinn
til Ringebu. Turen var basert på ut.no sitt «Rondane på langs» forslag. Me køyrde
fredag den 14. mars til Ringebu der me satt
i frå oss bilen og tok toget til Hjerkinn. Me skulle gå vere på tur frå
fredag til fredag og alle gjekk med pulker. Etappane kvar dag låg på ein rundt
15-20 km. Me kom til Ringebu på fredag og da hadde me lagt bak oss om lag 132
km. Tema for dette blogginnlegget vil vere orientering da meste parten av tiden
vår bestod akkurat å orientere oss i terrenget.
Ei av dei flotte utsiktene vår på turen (Foto: Morten André Tryti) |
Orientering når ein er på tur er viktig. Det er viktig å ha
kartkontakt og kunne lese kartet (Horgen, 2010) . På vinteren, gjer
snøen det slik at alt ser likt ut og ein vil ikkje kunne sjå terrengformasjonane.
Når eg orienterte blei ein kombinasjon med kompasskurs og lendeorientering
brukt. Det fungerte bra for meg. I nokre områder av turen var det lite haldepunkta
å gå etter, slik at det var vanskeleg å gå rett mot området me skulle (Horgen, 2010) . På turen byta me å
orientere for å trene på dette. Me orienterte ein halv dag og ein helg dag kvar
som me rullerte på. Ein teknikk me brukte når det var «white-out» for å få
effektivitet i gåinga vår var at alle var med på orienteringa. Eg gjekk på
kompasskurs og brøyta veg. Nummer tre gjekk med kompasset framme og brukte
nummer to for å sjå om eg gjekk rett og korrigerte meg (Horgen, 2010) . Dei ropte «bra
kurs, litt høgre/venstre osv». Dette fungerte bra og me brukte denne teknikken
ved eit par annledningar der me ikkje hadde noko festepunktar (Horgen, 2010) . Etter kvart som ein
kom inn i rutinarne, tok me ut kursen i teltet når ein var varme og gode.
"White-out" orientering nest siste dagen (Foto: Morten André Tryti ) |
Før me sette i gang og gå, gjekk me i gjennom kva den
enkelte hadde tenkt om etappen og me tok alle ut kompasskursar for å
kontrollere at ein hadde gjort det riktig. På denne måten unngjekk me at nokon
hadde vert unøyaktig og gjort den klassiske feilen ved å snu kompasset og tatt
ut 180 grader feil kurs (Horgen, 2010) . Når me orienterte
brukte me ledelinjer og fanglinjer. Ledelinjer er for eksempel ein gjenkjennbar
terrengformasjon som me kan følje for å halde kursen vår (Horgen, 2010) . Fanglinjer er eit
oppfang som forteljer oss om kor me har kome. Fanglinjer kan for eksempel vere
ein markert stigning eller ein veg.
12 km langt festepunkt opp mot Gråhøgdbu frå Eldåbu |
Ei hending på turen var når me skulle ned til Haverdalsmunnen
(2 etappen, Grimsdalshytta-Dørålseter). I Haverdalsmunnen var det store
morenerygger. Dei store moreneryggane var ikkje merka av på kartet og gjorde
nedstiginga for å kome seg over elva vanskeleg med pulk. Me kalla dei 19,5
meterarar. Dette gjorde at me fekk ein openbaring med kart i mot terreng, over
kva som gjenspeilast på kartet. Dette var ein god erfaring.
Morenerygger ved Haverdalsmunnen. Ser ikkje bratt ut, men farleg nok (Foto: Morten André Tryti) |
Eigenferden vår var kjempe bra. Me fekk trent bra på temane
som ein er innom på ein lenger vinterfriluftstur. Ein morsom oppleving var når
me gå frå stikka løype og over ei tilsynelatande flatt myr område. Når me gjekk
over den var det fullstendig «white-out» og ingen kontraster eller festepunkter
og gå etter. Når me byrja og å gå gjekk den fremste rett inni ein skavel, om
lag ein 2,5-3 meter høg skavel som var rett foran oss. Ingen av oss såg at den
var der. Me måtte gå nokre titals meter til sida for å forsere og kome oss over
den. Den overraska oss og gjorde at me var litt skjerpa. Det gjorde at den
fremste mannen gjekk då med skistavane sine litt foran seg viss me skulle
plutseleg gjekk utfor ein sånn skavel.
Den eine dagen eg skulle orientere så var eg på feil kurs.
Til slutt stoppa dei meg for å høyre kva eg tenkte. Me kom fram til at eg hadde
feil kurs. Eg hadde gps’en og eit kamera i brystlommene på jakka og mest
sannsynleg var dei som utgjorde feilen. Eg er eigentleg på passeleg med
forstyrrelsar og kompass, men kanskje akkurat denne gangen var eg ikkje det. Den hendinga gjorde og har
gjort meg meir oppmerksamd på ulike orienterings forstyrringar.
Orientering er noko som krev trening, spesielt på vinteren. Får
å få den treninga må ein kome seg ut på tur. Så da gjenstår det bare ein ting å
gjere det er å kome seg ut. Lykke til!
Me planla turen vår etter Ut.no sin «Langtur på ski fra Hjerkinn til Lillehammer»,
men me gjekk bare til dag 5 og frå Gråhøgda til Fålåmyra (nord for Ringebu).
Ta kontakt viss ein ynskjer tips angåande vår tur. Morten: mortentr12@gmail.com
Kjelder
Horgen, A.
(2010). Friluftslivveiledning
Vinterstid. Kristiansand:
Høyskoleforlaget AS.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar