tirsdag 28. oktober 2014

Frankrike – «Mjukt fall». 13-22.oktober 2014.


Klassen skulle til Frankrike på kultur- og hovudsakleg klatretur. Været var topp, med varme forhold og folk fekk både t-skjorte- og bh-skilje. Me hadde hatt den varmaste perioden i Frankrike sa Vegard som hadde vert på denne turen ni eller ti ganger. Så solskinnsklassen glimta til igjen på siste fellesturen vår. Me har jo so og seie hatt bare solskinn på alle våre fellesklasseturer. På denne turen skulle me bli tryggare på våre ferdigheiter med klatring på led på boreboltar. I dette innlegget ynskjer eg å legge fram den dynamiske komponenten i sikringskjeden og fallfaktor.


Det er viktig å vite til kva sirkingskjeden består av som er med på å redde klatreren i frå eit hardt fall eller meir alvorlege ulykker. Alle komponentane jobber saman for å sikre at ein får eit «mjukt» fall, dynamisk fall. Eg har sjølv opplevd dette ved ulike fall tidleg og langt ute på ei rute med lite og mykje tau ute. Med meir tau ute er det meir av tauetsstrikkeffekt til å ta opp fallet. 

B3 friluftsliv studenter som likar seg i veggen... (Foto: Morten A. Tryti).

Sikringskjeden

Dei ulike komponentane som utgjer sikringskjeden (Tronstad, 2005):
1.      Klatreselen som hever beina starter dempinga av fallet.
2.      Åttetalsknuten, som sitter i selen som strammes.
3.      Klatretauet. Eit dynamisk tau. Desto meir tau ute til meir dynamisk fall. Tauetsstrikkeffekt er det den viktigaste delen av dei dynamiske ledda.
4.      Taubremsen. Dynamisk taubrems. Taubremsen er den nest viktigaste delen der draget på taubremsen vil overstige ein grense, tauet slurer og bremselengden auker og fallet mjukar. Kor mykje det bremser er avhengig av brems, tautjukkelse og tilstand, om tauet er glatt eller loddent, vått eller tørt og sikrarens grep rundt tauet (Tronstad, 2005).
Det er forskjell på taubremser kor mykje dei bremser:
Hylsebrems, bremser 150-200 kg,
Taubrems med friksjonsriller, bremser 150-250 kg,
Bremseknute, bremser 220-250 kg,
Griger, statisk sjølvlåsande bremser 4-600 kg.
5.      Mellomforankringane, kor mange klipt inn på led bidrar til sikringskjeden. Kvar mellomforankring er med på å redusere fallfaktoren.


Fallfaktor

Sikringskjeden påverkar fallfaktoren. Fallfaktoren er belastningen på klatreren ved fall. Fallfaktor er tau ute fra siste bolt ganger x to delt/ på det totale tauet ute. Sjå eksempler under(Tronstad, 2005, s. 169):
Tre eksempler på fallfaktor (Tronstad, 2005, s.169)

Fallfaktor:
Høg fallfaktor:
Ein klatrer 2,5 meter. Faller 5 meter
5 meter fall / 2,5 meter tau ute = 2 fallfaktor.

Middels fallfaktor:
2,5 meter til mellomforankring + klatrer over 2 meter.
Faller 4 meter / 5 meter tau ute = 0,8 fallfaktor.

Liten fallfaktor:
2,5 meter + 2,5 meter mellomforankringan +
klatrer 1 meter. Faller 2 m.
2 m fall / 6 meter tau ute = 0,33 fallfaktor.


Konsekvensen av farlige fallfaktorer:
·         Det farligaste fallfaktorane får ein ved bolt 1,2, 3 dette fordi det er lite tau ute som kan gi dynamisk fall.
·         Ein faller i bakken fordi tauet strekker seg.
·         Ein kan treffe sikrar.
·         Ein får eit hardt fall, høg fallfaktor.
·         Ein kan få tverra karabiner som medføre brot.

Fleire B3 friluftsliv studenter som går på veggen... (Foto: Morten A. Tryti).


Ein bør ha kunnskap og kjennskap til dei ulike komponentane som er med på å sikre seg når ein klatrer og kva resultatet kan vere ved ein feiltakelse. På den måten kan ein unngå ulykker. 

Kjeldeliste
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akillis.


fredag 17. oktober 2014

Vegleiarturen – «Fullverdig medlemsskap, takk»! 8-10 oktober 2014.


Det var tid for vegleiarturen, og værprognosene viste oss ikkje det vanlege solværet som me har vert vant med på tur. Det var småregn frå start til slutt for vår del denne gangen. Denne turen skulle B3 studentane ha ansvaret for B1 og B2 studentane heilt aleine på ein tre dagers overnattingstur. Vilkåra var blant anna at det skulle vere to overnattinger ute i nærmiljøet og for eksempel under open himmel, gapahuk, telt eller lavo. Området me valte å dra på tur til var Helgaseter i Barsnesfjorden.

Første dagen sykla me dei 4 kilometerane og gjekk opp til Helgaseter, fant og lagde me oss ein leirplass (sjå markert raud ring). Middagen den dagen var meget god pizza på bål, takk til kokken Sindre. Neste dagen hadde B2 ansvaret for å lage kokegrop med lammelår (smørt med urte Philadelphia ost), poteter, grønnsaker og suppsaus. Det er alltid ein suksess og det smakte meget godt denne gangen også. Siste dagen reiv og rydda me leiren. Den forlot me i betre stand enn når me kom dit. Dette grunnet at det var ein etablert flat og god leirstad. Deretter skulle me orientere oss fritt i terrenget til starten av stien markert blå sirkel og ned til syklane (grønne sirkelen).
Tema for denne vegleiarturen var sporlaus ferdsel, «det rolege friluftslivet», gruppeforflytning, matlaging, gapahuk og orientering. I dette innlegget ynskjer eg legge fram Lave og Wenger (2000) sin teori som omhandlar korleis læring i friluftsliv foregår, og Priest og Chase (2005) COLT modell.
 
Den grønne sirkelen viser kor me parkerte syklane og byrja å gå opp til Helgaseter og leirstaden markert med raud sirkel. Den blå sirkelen indikerer starten på stien som me brukte på nedstiginga den siste dagen. (Skjermdump, Ut,no)
I friluftslivssituasjonar er det ofte gjensidig kompetanseutveksling. Det er situert læring, der deltakarane deltar i praksisfellesskapet. Praksisfellesskapet er en idé at man tjener et formål (Lave J. & Wenger, 2000). Det kan for eksempel vere ein del av orienteringsgruppen på tur, ikkje utanforstående. For å få til læring må det vere med- og kreve ein eigen deltakelse (Imsen, 2005; Jordet, 2010; Lave J. & Wenger, 2000). Når alle har lik deltakelse og posisjon i gruppen kaller ein det «legitim perifer deltakelse». Då har alle fullverdig medlemmer i praksisfellesskapet.

Colt (Conditional Outdoor Leadership Theory) modellen.

Ledersstilen veiledaren veljer har utfall på kor mykje læring det vert for gruppen som er med. COLT modellen viser til tre forskjellige lederstiler. Autokratisk, demokratisk og abdikratisk (Priest & Gass, 2005). I den autokratiske lederstilen tar ledaren all avgjøringa og det er lite rom for innspel. Den demokratiske lederstilen har litt kontroll på gruppa, men er meir open for forslag. Den abdikratiske lederstilen overlater derimot kontrollen til gruppa, men skal vere til stades. Det er i den abdikratiske lederstilen det er mest rom for læring og kor ein bør vere som vegleiar.

Den kombinerer dei ulike lederstilane, oppgåve- eller relasjonsorientert og om kva forholda favoriserast. Det er fem faktorar som spelar inn på kva forholda favoriserer (Priest & Gass, 2005).

1.      Miljøfarer: objektive og subjektive farar som for eksempel vær og risiko.
2.      Individuell kompetanse: Erfaring, sjølvtillit, ferdigheiter, oppførsel og kunnskap.
3.      Gruppesamansetninga: Moral i gruppa, modenheit, samarbeid, kommunikasjon, tillit, ansvaret og interesse.
4.      Lederens ferdigheiter: Som truverdigheit, vurderingar, stresshandtering, trøttheit og kapasitet til å oppfatte.
5.      Bestemmelseskonsekvensen: Klarheita i problemet, tidsbegrensning, tilgjengelege ressursar, forventa forgreining og graden av usikkerheit eller utfordring.
Figur 18.4, Conditional outdoor leadership theory (COLT) (Priest & Gass, 2005, s. 248).
Vår lederstil var abdikratisk under orienteringa på siste dagen. Orienteringsansvaret fekk den som var minst erfaren og som ville prøve seg. For å hjelpe til med oppgaven var ein det med som hadde litt meir orienteringserfaring. Etter å ha gått ein stund vart vedkommande som hadde hovudansvaret meir og meir usikker og den som var meir erfaren tok meir ansvar. Da får ein ikkje legitim perifer deltakelse. Da gjekk me inn og tok ein autokratisk lederstil for å justere ansvaret litt. Etter korrigeringen fekk vedkommande meir ansvar igjen og me gjekk tilbake til den abdikratiske lederstilen (Lave & Wenger, 2000; Priest & Gass, 2005). 


God stemning med bål og fullmåne (Foto: Morten A. Tryti).


På oppsummeringa beskreiv me kva og kvifor me gjorde det, for å få dei til å forstå bakgrunnen.
Eg har lært å sette teori til praksis. Sjå samanhengen med ulike teorier frå Lave og Wenger (2000) «Legitim perifer detakelse» til Priest & Gass (2005) COLT modell. Eg visste om dette frå før av, men med den faglege innsikten eg har fått på friluftslivsstudiet kan eg sette ord på det.

Kjeldeliste

Imsen, G. (2005). Elevens verden - Innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Universitetsforlaget AS.
Jordet, A. N. (2010). Klasserommet utenfor. Oslo: Cappelen Damm AS.
Lave J. & Wenger, E. (2000). Tekster om læring - Legitim perifer deltagelse. I I. K. (red). Fredriksberg: Roskilde Universitetsforlag.
Priest, S., & Gass, M. A. (2005). Effective leadership in adventure programming. Champaign: Human Kinetics.



fredag 12. september 2014

Solund – «Jonsokbåt»? 1.sept. – 4. sept. 2014.

Det var tida for at B3 friluftsliv skulle få oppleve kystfriluftslivet på Litle Færøy ute i havgapet Solund. På Litle Færøy skulle me besøke Roar blant anna kjent i frå, link "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", sesong 4, 3:6 og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", sesong 11, 3:4.
Me skulle få kunnskap til kystfriluftslivet med bruk av havkajakkker og tradisjonsbåtar. Klassen vart fordel med to dager roing og to dager grunnkurs havkajakk. På denne måten ville me få bekjentskap til det tradisjonelle og det moderne kystfriluftslivet. I dette blogg i skal eg ta for meg naturbasert turisme.

Kva er naturbasert turisme? Ligger det kanskje litt i ordet, turisme basert på naturen.
Fredman, Reinius & Lundberg (2008) definerer «naturturism omfattar människors aktiviteter när de vistas i naturområden utanför sin vanliga omgivning» s.24. Under denne definisjonen kjem begrep som «aktivitet», «naturområden» og «vanliga omgiviningen».
Med det meiner ein at naturturisme er det som omhandlar menneskelege aktivitetar når dei er i naturområder utanfor sitt vanlege omgivelsar (Fredman, 2009:23).

Det er to ulike oppfatninger rundt natubasert turisme, men det omfatter det samme:
Fredman (2009) def: «Naturbasert turisme er når ein er turist i eit naturområde. Ein ynskjer ein oppleving av naturmiljøet ein besøker». Døme: fjelltur til mountainbike.
Mehmetoglu (2006) def: «Naturbasert turisme er reiser der hensikten er å nyte naturen eller oppleve uberørt natur».

Naturbasert turisme kan delast opp i tre måter:
Turisme i naturmiljøer. Det er aktivitetsorientert, døme mountainbike. Ein driver ein spesiell aktivitet i eit naturmiljø.
Turisme med fokus på sjølve naturmiljøet. Ein legger meir vekt på sjølve staden ein er, døme jakt og fjellvandring. Ein ser på dyr- og fuglelivet.
Turisme med fokus på å bevare naturmiljøet. Krever særskilte retningslinjer, døme økoturisme. Ein reiser til området for å lære om og korleis kan ta vare på den.


Øyene rundt Little Færøy gav flotte kajakkturer (Foto: Morten A. Tryti)
Naturbasert turisme kan delast opp i fenomen og næring.
-          Fenomen: Er besøket i naturen utanom det vanlege.
-          Næring: Er tilbod av varer og tenester, aller som skal tene penger på turistane.


På ei av øyene fant me skjellrester
som vart utnytta på gardene (Foto: Morten A. Tryti). 


Roar fortalde at han ynskjer å ta vare på vår kulturarv ved å restaurere gamle båter som færingen og seksringen. Mange båtar opp i gjennom åra har blitt kasta på jonsokbålet da dei ikkje hadde bruk for robåtar meir når båtmotoren kom.

Ein seksring robåt til venstre og ein færing robåt til høgre (Foto: Morten A. Tryti)

Besøket på Litle Færøy gjorde at me fekk kjennskap til korleis dei bygde hus før i tida i tråd med naturen slik at det passa inn. Husa ute ved var bydt i pakt med naturen. Dei var tilpassa terrenget, ikkje sånn som ein ser forskjellige stader der hytter er bygd oppå ein høgde for å få utsikt.


Her stod det ein gammel fjøs
bygd i tråd med naturen (Foto: Morten A. Tryti).

Ein må ta vare på natur og dens historie. Med naturbasert turisme kan ein gjere det. Litle Færøy kan vere kulturminner og kulturlandskap. Det er verdifull kulturminner om korleis me levde før i tida. Det er viktig å ta vare på det for det er og har vert ein del av vår historie.

Hurtigbåten tilbake til Sogndal,
takk for denne gang Solund (Foto: Morten A. Tryti)

Kjeldar.

Fredman, P. R. (2009:23). Turism i natur. Definitioner, omfattning, statistikk. Turismforskningsinstitutet ETOUR.

Mehmetoglu, M. (2006) Naturbasert turisme. Fagbokforlaget, Bergen.




torsdag 4. september 2014

Klatring på Kvam – «Topp sikra!». 25-28. august 2014.

Det var klart for den første ekskursjonen vår ved B3 friluftsliv, som var klatring. Me skulle gjennomføre fire dager med klatring på Kvam for å få alle i klassen opp på det same nivået. Det vart også gjennomført brattkort for dei som hadde behov for det. I løpet av dei fire dagane var me innom sportsklatring sine metoder og risiko for klatring på lavlandsklippe. Me skulle lage gelendertau for ankomst til eksponerte topptaufester og ulike metoder for trygg rappell. Når me klatret skulle me få kjennskap til basis bevegelsesmønster for klatreteknikk. Siste dagen drog me til Veitastrond for å få kjennskap til buldrehistoria, fenomenet buldring og korleis ein kan bruke aktiviteten i vegleiingssamanhenger.
I dette innlegget skal eg å gå meir inn på ulike metoder for topptaufester.

Kva er topptaufeste? «Topptaufeste er det festet tauet løper gjennom når ein topptauklatrer blir sikret frå bakken» (Tronstad, 2005, s. 105).

Det er mange forskjellige metoder for å lage topptaufester. Min erfaring var at det enklaste  ofte var det beste. Å ta to 120 slynger rundt eit tre på størrelse med eit godt kvinnelår med ein vanleg- og ein skrukarabin er eit godt utgangspunkt, men det er ikkje alltid at ein kan bruke denne metoden. Derfor bør ein lære ulike metoder.


Til venstre: To 120 slynger festa samen med ein vanleg- og ein skrukarabin
Til høgre: Ei 120 slynge med overhandsknute (Foto: Morten A. Tryti).


Topptaufestet skal vere like sikkert som ein standplass. Tronstad (2005) skriver at ein skal finne seg minst to bombegode forankringer og ein må sørge for at desse ikkje kan løysne ved vandring og bevegelse, spesielt ved kamkiler (s.105). I forankringane kan ein feste ein utlikningsslynge. Med utlikningsslyngene samler ein fleire forankringer til eit toppfeste, slik at alle vert belasta likt (Tronstad, 2005).


Ein metode for å lage topptaufeste er å feste to ekspresskarabin i boltane. Så kobler ein 120 slynga i karabinene. Utlikner slyngen og ta enten ein dobbel åttetallsknute eller overhandsknute for å knyte løkka er neste steg (Gustavsson, 2012). Det er også mogleg å lage ein overhandsknute midt på slynga. Da plasserer ein knuten slik at den er utlikna og karabinerene skal i gjennom begge halvdelane av slynga (Gustavsson, 2012).

Til venstre: 120 slynge fester og utlikna. Midten: Overhandsknute eller åttetallsknuten. Til høgre: Ein vanleg – og ein skrukarabin i løkka (Foto: Morten A. Tryti).

Ein anna metode å lage løkka vert ofte kalla hundebeinmetoden.
Då lager ein overhandsknute midt på slyngen før ein fester den i forankringane. Knuten flytter ein slik at ankeret er utlikna og begge karabinerane skal i gjennom begge halvdelane av slyngen (Gustavsson, 2012)

Hundebeinmetoden (Foto: Morten A. Tryti).
Det er forskjellige krav som stilles til standplasser, topptaufester og rappellfester.
Tronstad (2005) skriver om kva krav festene må oppfylle og tåle av tenkt belastning kvar einaste gang (s.109):
·         Forankringspunktene skal vere bombesikre.
·         Festet skal bestå av minst to uavhengige forankringer.
·         Forankringa skal vere utlikna, sånn at samtlige fester belastast likt.
·         Innfestningspunktet skal vere stabilt, slik at ingen forankringar vert rykkbelasta viss ein anna skulle ryke.
·         Festet skal tåle belastning i alle retningar – også oppover.

I Gustavsson (2012) skriver han om ein hukseregel BULVIS for ankerbygging (s.157):
·         Bombesikre = Forankringspunktene må vurderast som garantert sikre.
·         Uavhengige = Forankringspunktene må vere uavhengige av kvarandre.
·         Likevekt = Ankerpunktet må vere utlikna.
·         Vinkel = Vinkelen mellom dei ytterste punktene må ikkje vere for stor.
·         Ingen Sjokkbelastning = Dei gjenverande forankringane må ikkje sjokkbelastes viss eit av punktane skulle løysne.

Klatretauet må ikkje ligge på skarpe kanter når ein klatrer på topptau. Det gjer at strømpen vert fort slitt og det vert tungt å hale inn tau. Det er fordi det vert stor belastning og friksjon mot fjellet. Når ein pakker saman tauet kan ein kan sjå etter lause fibrer på tauet (Tronstad, 2005). Viss ein skal lage ein rappellstasjon, har masse tau og det er ein kort vegg kan ein bruke tauet for å få tauet over kanten. 

Eit rappellfeste skal vere likt som kravene for topptaufeste kravene:
·         I tillegg skal det vere enkelt for deltakarane å kome seg over kanten og passe på at tauet ikkje kan sette seg fast når ein skal rappelere (Tronstad, 2005).

Dette var ein metode me brukte på klatrekurset:
1. Ein finner midten på tauet.
2.  Tauet legger ein dobbelt og om lag 1,5-2 meter frå midten lager ein åttetallsknuten.
3. Som i dette tilfellet legger ein tauet rundt treet som var vår forankring og trer tauenden i åttetallsknuten.
4. Knuten kan sikret med ein karabin slik at den ikkje kan gå opp igjen.
5. Legg tauet firedobbelt og lage ein åttetallsknute slik at den går over kanten.
·         Feste ein vanleg- og ein skrukarabin i løkka.
Rappelfeste punkt 1-4 (Foto: Morten A. Tryti). 


Rappelfeste oversikt (Foto: Morten A. Tryti).

Rappelfeste punkt 5. Knuten må vere lang nok
slik at karabinarane går over kanten (Foto: Morten A. Tryti).



Etter fire dager med klatring og buldring var det mogleg å fortsette med 3-dagers NF klatrekurs naturlig sikring. Eg var med på det kurset og me var innom ein metode for å lage standplass med tauet.
1. Lag ein åttetallsknute og fest det i den eine forankringa.
2. Lag ein åttetallsknute ned mot draretninga og lage ein åttetallsknute som går til den andre forankringa. 
3. Juster knutene slik at dei er like lange og utlikna
Gustavsson (2012) skriver om tilsvarande metoder i boka si (s.165).

Tre åttetalsknuter. Åttetalsknuten i midten er utlikna (Foto: Morten A. Tryti). 

Det er ikkje noko fasit på feste for topptau, kun i utførelse. På ulike stader må ein bruke ulike metoder for å feste topptau. Det er derfor viktig å kjenne til ulike måter å lage topptaufeste i «verktøyskassa» si.
Det er mange ulike måter å lage topptau, men det er nokre krav, og med hukseord som BULVIS, kan ein lage mange forskjellige sikringar.

Kjelder

Gustavsson, N. R. (2012). Klatrehåndboken. Oslo: Gyldendal.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akillis.


fredag 2. mai 2014

Sikre midler i snøen. Topptur Hurrungane 23-25. april 2014


Det var meldt knall flott vær med blå himmel og strålande sol til oss når me skulle på topptur i Hurrungane 23-25. april 2014. Anmarsjen inn til Ringsbotnen var lang med 25 kg sekk og splittboard, men med god vær gjekk det med eit smil. Me vart delt inn i forskjellige gruppe med rulleringstjeneste på redning på snødekt bre, glisade og GPS. På denne turen skulle læringsmåla vere snøkjennskap, veivalg i bratt lende, kjøremønster, glisade, sikringsmiddel i snø, redning på snødekt bre og GPS. I dette innlegget ynskjer eg å ta for meg sikringsmidler i snø da dette er relevant med tanke på redning på snødekt bre og anna sikringsbehov.  


Snøanker
(Foto: Oslosportslager.no)


Grivel Nepal S.A. 58cm breøks 
(Foto: fjellsport.no)

Bruk av snøanker og isøks som sikringsmiddel satt meget god da me hadde kram og god snø. Taulaget mitt opplevde viktigheita å laga eit T-form til isøksa da veiledaren gav ut litt tau på sikringstauet for at undertegne skulle henge i hovudtauet. Snøankeret som skulle avbelaste hovudtauet løsna da det fekk belastning som gjorde at undertegne rykka litt lenger ned. Feilen var at det ikkje var ein T-form snøen til snøankeret og tauet i draretninga (Haslene, 2011). Ein kan i tillegg pakke snø oppå for ekstra sikkerheit.



Nedgravd isøks som sikringsmiddel i snø i ei T-form med spor til ein slynge.
(Foto: Haslene, 2011)

Det er fleire alternativer for å sette sikring i snø. Ein kan bruke snøanker, snøbolter, isøks, ski eller sekk (Haslene, 2011). Ein graver utstyret på tvers av dragretgninga og kor djupt ein skal grave ned sikringa kjem ann på snøforholda. For å bruke sikringa legger ein ei slynge på balansepunktet og fester ein karabiner til tauet ein skal sikre seg med (Haslene, 2011).

Snøanker i ei T-form med spor til vaieren.
(Foto: Haslene, 2011)
Snøanker vinkler ein 45 grader mot dra retninga.
(Foto: Haslene, 2011)
Når ein setter ein sikringsmiddel i snøen varierer kor langt ned ein må grave grunnet kvaliteten av snøen. På vinteren når snøen er tørr og lett med lite lagdeling og kompakt, vil den gje dårleg sikring. Når det nærme seg sommaren vil snøen vere våt og tyngre som gir godt feste for sikringsmidlar (Haslene, 2011)

For at ikkje snøankeret skal bli tratt opp igjen ved belastning skal ein lage ein T-form i draretninga og ein setter den i 45 grader vinkel vekk i frå draretninga. Ein kan godt pakke snø oppå og dra den med kroppsvekt i draretninga for å kjenne at den sitter. Har ein for liten eller stor vinkel på snøankeret vil det skjære seg sjølv opp eller ut. Har ein derimot riktig vinkel, men ikkje gravd spor til vaieren vil snøankeret bli dratt opp og ut ved belastning som skjedde hos oss (Haslene, 2011).

Ski kan brukast som improvisert sikringsmiddel i snø. Pass på at stålkantane på skiene er vendt vekk frå  slynga.
(Foto: Haslene, 2011)
Ingen situasjonar ein kjem opp i vil alltid vere like. Da må ein improvisere med det tilgjengeleg utstyret ein har og kunnskapen. Med litt tenkning vil ein finne den beste løysinga på situasjonen. Ein kan faktisk bruke så lite som ein kakaopose som sikringsmiddel i snøen. Kakaoposen holdt ein av studentane ganske bra med belastning. Det skal seiast at studenten som prøvde dette gjorde det under trygge forhold på flatmark.    

Kjelder

Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.