fredag 15. november 2013

Herremåltid, også i skogen! Skogstur. 5-8. november 2013.


Da var det duka for skogstur på Kaupanger. Me skulle ut å fyra bål og kosa oss i skogen. Få god kontakt med skogen ro. Dei tre første dagane var veilederstyrt og dei to andre dagene var me på eigenferd. Me skulle få erfare tradisjonelle måtar å lage mat på i naturen, som for eksempel sjusteinsovn og kokegrop. På denne turen hadde også ein «solo-overnatting" som skulle gjere oss meir bevisste på kva ein kan og ikkje. I dette innlegget skal eg gå nærmare inn på kokegrop.

Min erfaring med kokegrop fekk eg oppleva på veiledartur i fjor 2012. Det var ein god oppleving med kjempegodt lammelår. Dei fleste på gruppa hadde smakt lammelår i kokegrop i ein eller anna anledning før. Så denne gangen bestemte me oss for å prøve fisk i form av aure. Fisk bruker om lag halvparten av tiden til eit lammelår. Me hadde fisken vår i kokegropa i 1,5 time, i mot lammelåret til andre i klassen som låg i 3-4 timer.  

Framgangsmåte for å lage kokegrop til matlaging:

1.   Kor stort hull ein grav er avhengig av kva ein skal ha nedi. Grav eit hull om lag 1x1,5 meter og 50-60 cm djupt (Fooladi & Løneøy). Grav sånn at torva vert heil og kan brukast som eit lokk.

Kokegrop hull. Foto: Morten André Tryti.
2.  Dekk så bunnen og sidene med steiner. Størrelse på steinane kan variere, men om lag to knyttenever til saman (Fooladi & Løneøy). Ein vil også trenge mindre steiner som kan ligge inntil og oppå maten.

Stein legg hullet. Foto: Morten André Tryti.

3.  Lag til eit bål som dekker steinane og la det brenne godt 1,5 time. Legg på steinar når bålet er tent som ein kan legge oppå og inntil fisken eller lammelåret (Fooladi & Løneøy).

Brenn bål i hullet i omlag 1,5 time. Foto: Morten André Tryti.
 4. Pakk maten inn i aluminiumsfolie. Minst dobbelt lag med aluminiumsfolie og av den sterke typen (har firkanta mønster). Me kunne ha tatt tre eller fire lag med folie for å kunne halde på fiskekrafta. Den rant litt ut når me løfta den ut, sjå pkt.7.

Aure med purre, sitron, krydder og masse smør.
Foto: Morten André Tryti.
Pakk fisken i to-tre overlappande lag med aluminiumsfolie.
Foto: Morten André Tryti. 
  5. Har bålet brent godt i 1,5 time, kan det slukke sjølv eller ein slukker det. Fjern eventuelle kullrester og legg fisken nedi (Opplysningskontoret for egg og kjøtt, 2012). Legg steiner oppå og inntil aluminiumsfoliet som vil gje varme til fisken. Legg jorda, steinane og torva oppå. Viss det siver røyk ut, er det ikkje tett. Pakk meir steiner og jord der det siver røyk ut (Fooladi & Løneøy).




6.  Koketiden varierer med kva som ligger i gropa. Vår fisk låg i 1,5 time og var meget fin. Fisken bør ligge 1-1,5 time. Lammelår bør ligge 2,5-4 timer avhengig av størrelse (Fooladi & Løneøy).

7.  Når fisken hadde ligge sin stund, tok me torva til siden og grav oss forsiktig fram. «Fisk, kylling og kjøtt må løftast forsiktig ut fordi den lett faller frå kvarandre» (Fooladi & Løneøy, pkt.7). Så ver forsiktig når ein løfter den ut viss det har gått hull på folien. Det gjorde det litt hjå oss og det rant ut fiskekraft.

8. Pakk ut fisken av folien. Maten er ferdig og klar til servering.

9. Når steinane har kjølt seg ned, tar ein alle steinane ut av gropa. Steinane legg ein tilbake der ein fant dei og tetter igjen kokegrophullet. Legg tilbake torva og tett igjen rundt kantane med jord. Gjer ein god jobb med torvlegginga og tettinga, vil det gro igjen om ein stund. Det er det ein kallar sporlaus ferdsel.

Her var vår kokegrop. Kan du sjå den?
Foto: Morten André Tryti. 
Kokegrop er ein flott måte å lage større måltider ute i skogen. Det krever ikkje så mykje utstyr, bare litt før- og etterarbeid. Maten lager seg sjølv i gropa og ein har mulegheiten til å gjere andre aktivitetar men ein venter på maten. Kokegrop er noko eg kjem til å ta med meg vidare i studiet, jobbsamanheng og privat.

Mykje bra informasjon om kokegrop og trivias om kokegrop.

Litt stemningsbilete frå "solo-overnattinga". Foto: Morten André Tryti. 


Kjelder

Fooladi, E., & Løneøy, M. (u.d.). Mat i kokegrop. Hentet 11 14, 2013 fra Natursekken.no: http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1234129&within_tid=1188274
Opplysningskontoret for egg og kjøtt. (2012). Matnyttig. Metode. Kokegrop. Hentet 11 14, 2013 fra Matprat.no: http://www.matprat.no/matnyttig/metoder/kokegrop/kokegrop


torsdag 14. november 2013

Gått deg bort? Veiledertur med B3. 6-7. november 2013.


Det var meldt litt regn og sol når me skulle vere med studentane frå B3 friluftsliv sin veiledartur, men det stoppa ikkje motet vårt. Me tok buss til Fjærland for å spare miljøet og bruke det lokale kollektivtilbodet. Me skulle ha gapahukplass på Endrestølen og gå på topptur til Nystølseggi. 

Målet for turen var blant anna å forbetre orientering ferdigheitane våre. I dette innlegget kjem eg til å ta for meg korleis ein krysspeiler.

Har du opplevd å gå deg bort eller ikkje å ha visst kor ein var på kartet? Befann du deg også inni tjukk skog med bare fjelltoppar rundt deg? Fortvil ikkje, då kunne du for eksempel nå følgd desse stega og krysspeile posisjonen din. Krysspeiling er noko ein må trene på. 

Min erfaring er at krysspeiling er eit fint hjelpemiddel. For å kunne krysspeile må ein oppfylle nokre krav. Ein må kunne kjenne att holdepunkter på kartet. I tillegg må ein ha klarvær for å kunne sjå området rundt seg. Har ein ikkje hatt kartkontakt, kan ein bruke krysspeiling for å finne ut kor ein er (Norges Orienteringsforbund, 2006).

Utstyr ein vil trenge er blyant eller penn, kart og kompass. Kompasset kan gjerne vere eit speilkompass som avbilda, men ikkje nødvendig. Eit speilkompass gjer det meir nøyaktig og lettare å orientere seg.. 

Ta ut kompasskurs til holdepunkt med
vanleg kompass. Foto: Morten André Tryti.
 
Ta ut kompasskurs til holdepunkt med 
speilkompass. Foto: Morten André Tryti.


1. Det første ein gjer er å orientere kartet. Da snur ein kartet slik at nord på kartet er nord i verklegheita (Horgen, 2010).
Orientere kartet. Foto: Morten André Tryti.
2. Finn ein stad med utsikt. 
Ein stad med utsikt til to eller tre fjelltopper som ein kjenner att på kartet. Ein kan krysspeile på det ein kjenner att på kartet for eksempel fjelltopper, sti, veg eller andre terrengformasjonar (Den norske turistforeining, 2009). To fjelltopper gir to holdepunkter, men tre fjelltoppar frå tre forskjellige vinklar gir eit meir avgrensa område og ein vil vere inni den oppteikna trekanten (Horgen, 2010).


3. Ta ut kompasskurs til holdepunkt. 
Sikt marsjpila til kompasset ditt mot den eine fjelltoppen og ta ut ein kompasskurs (Haslene, 2011). Vri kompasshuset slik at nordpila i bunnen av kompasshuset ligg under den raude delen av kompassnåla.
 
Ta ut kompasskurs til holdepunkt. Foto: Morten André Tryti.




Video over korleis ta ut kompasskurs til holdepunkt. Video: Morten André Tryti.


4. Overføre kompasskurs til kart.
No skal kompasskursen til fjelltoppen overførast til kartet. Legg kompasset sånn at den eine kompassiden går i gjennom fjelltoppen. Deretter flytter ein kompasset til strekene inni kompasshuset ligger parallelt med lengdegradane nord-sør på kartet (Horgen, 2010). Går kompasset sin eine langside i gjennom fjelltoppen, kan ein streke opp med blyant eller penn. Du vil stå ein stad på denne linja (Horgen, 2010).

Video av kompasskurs overføringa til kartet. Video: Morten André Tryti.



5. Ta ut ny kompasskurs til det andre holdepunktet.
Gjennomfør kompunkt 3 med ny kompasskurs til den andre fjelltoppen.


Ta ut kompasskurs til holdepunkt. Foto: Morten André Tryti.


Video over korleis ta ut kompasskurs til holdepunkt. Video: Morten André Tryti.



6. Gjennomfør punkt 4 og overfør den nye kompasskursen frå den andre fjelltoppen til kartet.



Video av kompasskurs overføringa til kartet. Video: Morten André Tryti.

7.   Du vil vere i nærheita av krysset. Jo fleire punkter ein krysspeilar på, jo meir nøyaktig vil ein få det. Sånn, no kan dere gå ut og prøve det sjølv.





Toppen av Nystølseggi 1505 moh. Utsikt vestover ut Fjærlandsfjorden. Foto: Morten André Tryti.

Min erfaring med krysspeiling er at ein trenger trening på det. Ved å lage dette innlegget har eg sjølv fått trent på det og det har hjulpet meg til å beherske det. Eg valte å lage dette innlegget med video fordi fagbøker beskriver ikkje krysspeiling like bra. Tekst må ein forstå, bilete seier meir enn tusen ord og video viser korleis ein gjer det.


Kjelder

Den norske turistforeining. (2009, 7 3). Ut.no. Henta 11 14, 2013 frå Den norske turistforeining: http://ut.no/artikkel/1.6678981
Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.
Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høgskuleforlaget.
Norges Orienteringsforbund. (2006). Trygg i Naturen med kart og kompass - Opplæring i kart og kompass. Norges Orienteringsforbund.



fredag 27. september 2013

Vend i tide, det er ingen skam å snu (Horgen, 2010, s. 45). Breundervisning. 16-20. september 2013

Så var endeleg duket for breundervisning for B2 friluftslivskullet. Dette var noko eg hadde verkeleg gledet meg til, og eg må seie at brevandringa var verkeleg fantastisk. 

Målet med turen var at me skulle få ei innføring i brevandring på blåis. Me ville gå igjennom korleis me skulle bruke utstyr og kunnskap til redninger frå sprekk på blåis. Med denne innføringa ville me vere i stand til å gå på enkle breer i Norge saman med andre med tilsvarande bakgrunn. 

Hugser du «Severin Suveren» som var på tv på slutten av 1980-talet og byrjinga av 90-talet? Han snudde akkurat i tide og sa "flaks" kvar gang (Redaksjonen Ut.no, 2012). Fjellvett regel nummer 8, "vend i tide, det ingen skam å snu" vert aktuelt i dette innlegget (Horgen, 2010, s. 45). Eg kjem til å ta for meg alpine farer, noko som vart aktuelt for oss allereie den første dagen.

Bilete 1. Nigardsbreen i morgonsol, 17.09.13. Foto: Morten André Tryti


 På førehand hadde me sjekka vêret for å sjå kva me hadde i vente. Det var meldt regn på mandagen som skulle gje seg i løpet av dagen. Mandagen vart ein våt fornøyelse. Det regna kraftig frå me kom på parkeringsplassen i Jostedalen til langt ut på kvelden. Når me gjekk fram til breen var det stor vassføring på stien til breen. Me kunne sjå i fjellsida at vatn drog med seg jord som farga elver. Dette kunne vere ein steinsprangfare for oss, da elvene eroderterer rundt steinane. 

Det er ulike veger å kome seg inntil breen. På mandagen stoppa min gruppe ved brua som går over til venstre sida for breen. Går ein innpå breen frå ventre sida, vil ein gå inntil og langs fjellsida. Me stod ved brua og vurderte fjellsida. Me vurdert om det ville vere forsvarleg å gå brua og innpå breen frå den sida. Me bestemte oss for å ikkje krysse elva. Me snudde og gjekk heller mot midten av breen. Vassføringa var ganske stor i frå breportalen og av fare for steinsprang, gjekk me ikkje heilt inntil breen.

Bilete nr. 2 (16.09.13). Nigardsbreen.
Bilete nr. 3 (17.09.13). Nigardsbreen.

Bilete over er frå mandagen den 16.09.2013. 
Legg merke til antall elver på dei forskjellige dagane.





Bilete til høgre er frå tirsdagen den 17.09.2013. 
Ein av breinstruktørane hadde telt 19 elver på mandagen i mot 5 bekker på tirsdagen på begge dalsidene på veg inn til breen. 
Foto nr.2 og 3: Morten André Tryti. 





Haslene (2011) har ei overskrift til på avsnitt som heiter «De fleste ulykkene skjer til og frå breen» (s.131). Han meiner at ein er like mykje utsatt for skader på vegen til breen som på breen. Ein kan lett skli og tråkke over på glatte steiner eller på berg på stien til breen. Det kan for eksempel vere at ein ynskjer å kome seg raskt tilbake til leiren (Haslene, 2011).

Alpine farer kan delast inn i objektive og subjektive faktorer (Haslene, 2011). Objektive faktorer er faktorer som me ikkje kan gjere noko med, som for eksempel vêr, snø og kulde (Horgen, 2010). På bre kan dei objektive faktorene innanfor alpine farer vere; ferdsel til og frå breen, bresprekker, isfall, vêret, snøblindheit, uaktsomheit, utstyrssvikt, dårleg dagsform, for ambisiøs turplanlegging, panikk og dårleg samansett turlag (Haslene, 2011).

I vårt tilfelle utgjorde den objektive faktoren kraftig regnvêr som kunne resultere i steinsprang. Regnvêret kan gjere at pjolterisen (øverste laget av laus is) på breen smelter som gjer den glatt og hard (Haslene, 2011). Da kan det vere vanskeleg å få stegjernene og isøksen inni isen (Haslene, 2011).  Dei subjektive faktorane er våre vurderinger av dei objektive faktorane. Den objektive og subjektive faktoren overlapper kvarandre, og i midten dannes ulykkelsespotensialet (Attarian, 2012). Det er her ulykker skjer.

Bilete nr.4. Stor stein foran Nigardsbreen. Foto: Morten André Tryti.
Ein av breinstruktørane fortalde at steinen på bilete over hadde falt ned som vist på bilete nr.5 frå der pila starter og sprette tre ganger på berget før den landa i elvedeltaen. Steinen som var på størrelsen med ein stor bil. Steinen hadde sprettet på berget som på bilete under, bilete nr.5. 
Bilete nr. 5. Stor steinillustrasjon. Foto og teikning: Morten André Tryti.


Vurderinga at ein ikkje skulle gå på breen den mandagen, vart tatt av breinstruktørane allereie på parkeringsplassen. Når me stod på parkeringsplassen såg eg at det regna mykje, men eg tenkte ikkje over på kva faktorer regnvêret kunne medføre. På vegen inn til breen kunne me sjå fleire stader at det fossa over med vatn og dei eroderande elvene i fjellsida. Når me hadde ein vurdering ved brua, gjekk det litt opp for meg kva dei objektive farene faktisk kunne ville utgjere for oss.

«Bresafari» på Nigardsbreen. Foto: Morten André Tryti.
Ein av breinstruktørane som var kjentmann, hadde god kunnskap om korleis forholda eigentleg var på Nigardsbreen. Han sa at det kan gå bra 999 ganger, men den eine 1000 gangen kan det dårleg. Det kan eg vere veldig einig med. Det er derfor betre å vere sikker enn usikker. Denne turen har lært meg å få eit meir bevisst forhold til dei objektive faktorane. 

Dei objektive faktorane har noko å seie for turen som ein skal planlegge. Å gjere gode forberedelser på forehand er viktig. Ein kan sjekke vêrhistorikken for området på kor mykje regn som har falt og kva for temperatur det har vert i vekene før turen. Informasjonen kan ein samanlikne og den kan gje ein indikator på korleis forholda er på breen. Det er også satt opp webkamera på Breheimsenteret i Jostedalen sånn at ein kan sjå direkte bilete av korleis vêret er der. I tillegg kan ein ringe til bremuseumet og høyra korleis forholda på breen har vert i det siste. Jo betre forberedelsar ein gjer heime i frå sofaen, jo betre turvilkår vil ein få ute på tur. Det har eg tatt med meg frå denne turen.

Kjelder

Attarian, A. (2012). Risk management in outdoor and adventure programs. Scenarios of accidents, incidents and misadventures. Leeds: Human Kinetic.
Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.
Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høgskuleforlaget.
Redaksjonen Ut.no. (2012, 2 2). Fjellvettreglene som redder liv. Henta 11 18, 2013 frå Ut.no: http://ut.no/artikkel/1.6726466



fredag 13. september 2013

Naturopplevingar i fjellet. 2-8 februar 2013.

Naturopplevingar i fjellet.  2-8/9-2013.

Den første veka i september skulle B2 friluftsliv klassen på høgfjellstur nord for Leikanger. Turen var veilederstyrt i tre dager og studentstyrt i fire dager. På førehand var klassen delt i grupper og me planla kor ein skulle gå vidare på eigen ferden vår. Denne turen bevegde me oss frå subalpine området heilt opp til høgfjellet. I desse områda fant me ulike plantearter og geologiske landskapsformer som dette innlegget kjem til å innehalde.  

Lauving

Det er lang tradisjon i Norge med lauving. Lauving er å sanke treblader som vinterfõr til husdyr. Det å bruke lauv som fõr kan ein på Grinde – Engjasete gard datere til 2400 f.Kr (Regjeringen, 2009). Ein ser ofte restene av lauving rundt om i landet. Styvingstrea står som regel tilknytta vegar, steingarder, steinrøyser og bekker (Regjeringen, 2009). Lauvinga formar treet på ein spesiell måte. Det kan ein sjå etter når ein reiser rundt eller er på tur i norge, sjå bilete under. Alt av blader til tresorter er i Norge brukt til fõr som selje, osp og ask, men det er mest utbreide å bruke bjørk, asp og alm (Austad & Haltvik, 2007 ; Regjeringen, 2009). Lauving bidrar til ein stor variasjon i vegitasjon. «Sårbare beitemarkssoppar, sjeldan vedbuande soppar og interesserte artssamfunn av lav og mose held til på styvingstrea i området» (Regjeringen, 2009). Garden på Grinde har haldt på denne tradisjonen med lauving og regjeringa har utpekt Grinde – Engjasete som kulturlandskap (Regjeringen, 2009).
Lauvsanking forma træra på Grinde gard i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.


Lauvsanking forma træra på Grinde gard i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.

Bjørkeskogen


Det er to typer bjørkeskog fjellbjørkeskog og høgstaudeskogbjørkeskog (Kristoffersen, 2007). Plantesamfunnet i fjellbjørkeskogen varierer ut i frå kor den er.  Det som dominerar er lavtyper, men ein finn også for eksempel fjellkrekling, tyttebær og dvergbjørk. I områder med mykje fuktigheit vil ein i fjellbjørkeskogen finne mose i staden for lav og vil finne arter som blåbær, marimjeler, gullris og skogstjerna (Kristoffersen, 2007).
Høgstaudebjørkeskogen er ofte områder som har kalkrik jordsmonn og god tilgang på rennande grunnvatn. I desse områda er det ofte forskjellige viearter som ullvier, grønnvier og sølvvier. Sølvvier kjem eg tilbake til seinare. I same området er det vanleg med urter som for eksempel geitrams og mjødurt (Kristoffersen, 2007).  
Fjellbjørkeskogen er som eit belte mellom barskogen og skoggrensa.  Bjørk er brukt til brensel og til ein rekke formål da det er lett å bearbeide. I samanheng med bygging av støler brukte ein never som tak (Store norske leksikon (2005 - 2007), 2012).
Smågreiner vart samla saman og brukt til sopelim. Bjørk er brukt til ein rekke ting som for eksempel i møbel, verktøy, redskaper, parkett og leiker (Store norske leksikon (2005 - 2007), 2009). Fjellbjørka er utbreidt i fjellområder i Europa og Nord- og Midt- Asia (Kristoffersen, 2007).

Bjørkeskog. Foto: Jostein Amelie Authen.

Følblom.

Følblom er ein gul liten blome som er om lag  5-40 cm høg. Eit av kjenneteikna er at den har blomsterkorger som smalner nedover stilken (Sundbye, 2012). Den liknar på Fjellsveve, men Følblomen veks lavare i fjellet og har ikkje hår på seg. Den vekser på beitemark, enger og i snøleier. Ein finner blomen som regel i heile fjellkjeden. Den er funnet på 1600 moh i Jotunheimen og 1040 moh i Troms. Den er stort utbeidt i Europa, Asia og Grønland (Kristoffersen, 2007).   

 Følblom. Foto: Morten André Tryti

Sigdbrudd

På vegen over frå Nyastølen i Stavseta til Nyastølen i Friksdalen såg me fleire spor i Eitrebotn etter breen. Spora var i form av sigdbrudd.
Sigdbrudd er merker i berget etter breen. Under breen er det laus morenemasser.
Ein kan sjå avtrykk frp breen som presser morenemassane mot berget. Ein stein frå morenemassane vert pressa så hardt mot berget at den lager eitt halvmåneforma merke i berget (Trømborg, 2006).
Her er to gode sigdbrudd merker i berget. 

Sigdbrudd. Foto: Morten André Tryti.


Forvitring

Vidare på eigenferden vår frå Nyastølen til Flya såg me fleire stader resultat av mekanisk forvitring langs elva. Elva hadde erodert seg nedover i fjellet (Trømborg, 2006). Mest sannsynleg har det skjedd frostsprening langs elvar som hadde lagd store sprekker i bergene.
Frostspreng oppstår når vatn kjem ned i sprekker. Dette er fordi vatn som fryser til is kan utvide seg med 9 %. Det gjer at vatnet fungerar som ei kile og sprenger vekk små og store deler av berget (Trømborg, 2006)

 
Frostspreng. Foto: Morten André Tryti.

Duskull

Duskull er ein liten plante 20-50cm høg og veks i våte områder som myrer og snøleier. Den har to eller fleire aks i toppen av stilken. Dette gjer at ein kan skilje den frå torvull og snøull (Kristoffersen, 2007).
Den er vanleg i alle fjellområder og er utbreidt på den nordlige halvkula. Den er funnet på 1700 moh. i Jotunheimen og 1115 moh i Troms (Kristoffersen, 2007). I gamle dager har duskull vert brukt til fattigmannshovudpute (Kinderås, Steinkjer Kunnskapsportal).

Duskull. Foto: Morten André Tryti.


Einer

Einer. Foto: Morten André Tryti
Einer er ein av våre mest vanlege bartre. Den finner ein i Norge frå Lindesnes til Nordkapp. Den veks på den Nordlige halvkula som på Grønland og i varme California i USA. Einer kan vokse som lav krypande busk eller tre og kan bli opptil 15 meter (Kristoffersen, 2007). Einer veks i fjellheimen i tørr skog og på beitemarker. Den er svært tilpasningsdyktig og tåler ulike jordsmonn så lenge den får nok ljos. Einerbæret brukar lang tid å bli modne. Det første året er det grønt og når den er moden på andre året er det gråblått (Kristoffersen, 2007).
Einer har blitt brukt til så mangt opp i gjennom åra. Den er blit brukt til sledemeier og hesjestaurer (Kristoffersen, 2007). Innanfor folkemedisin brukte ein einer mot sjukdommer som mot mageverk og tannverk. Vart ein bitt av orm var einerbark bra mot det. I dag vert einer bruk til smakstilsetning i alkoholdige drikker som gin og ølbrygging. I matlaging passar einebær bra til sauser til vilt og grønnsaker (Sunding, 2013).

Molte

Molteblomsten varierer frå 5-20 cm høg. Bærene vert først raude og når dei er modne vert dei oransjegule. Moltebæret er det kun hunnblomsten som utviklar. Den veks i næringsfattige områder som torvmyrer, fuktige skoger og lyngheier. Molte er haustet på grunn av den gode smaken og den innheld mykje C-vitaminer (Kristoffersen, 2007). I folkemedisin er den brukt av sjøfolk mot skjørbuk. Molte er å finne i alle fjellområder i Europa, Grønnland og den nordlige halvkula. 

Molte Foto: Morten André Tryti

Sølvvier

Sølvvier er busker som veks i fuktige stader ved bekker, myrer og våte fjellsider (Kristoffersen, 2007). Ein vil ofte kunne sjå sølvvier belte tilknytning til høgstaudebjørkeskogen. Det fins forskjellige ulike viertyper. Sølvvier namnet kjem på grunn av dei grålodne bladene som er sølvaktige (Kristoffersen, 2007).
Sølvvier finn ein i store deler av fjellområdene og den utbreidt i Nordvest –Europa (Kristoffersen, 2007). I Norge veks den heilt ned til kysten og heilt opptil 1900 moh. i Jotunheimn. I Troms veks den opptil 1340 moh. 

Sølvvier. Foto: Morten André Tryti

Kartlav

Kartlav. Foto: Morten André Tryti
Kartlaven består av grå, gule eller gule skorpelav som ein finn på stein (Store norske leksikon, 2009). Den har eit utsende som kan minnast om eit kart. Kartlav veks 1 mm i diameter i året (NILSEN). På denne måten kan ein bruke kartlav som ein dateringsindikator for stein og steinstrukturer fordi veksten er jamn, men langsam. Å bruke kartlav som datering kalles «lichenometri» (NILSEN). Kartlav har ikkje mange bruksområder, men kartlav med heller kan brukast som dekorasjon innan- og utandørs (Store norske leksikon, 2009). Kartlav finn ein over heile Norge frå fjære til høgfjellet som me gjorde på denne turen vår.


Kjelder

Foto: Austad, I. B., & Haltvik, M. (2007, feb. 1). Informasjonsbase - Kulturlandskap. Henta okt. 31, 2013 frå Informasjonsbase - Kulturlandskap: http://www.kulturlandskap.museum.no/sff/museum_res.nsf/0/42FF35644CB610C5C12572D70032F890/$FILE/lauvingsrapport.pdf
Kinderås, K. (u.d.). Natur og landskap. Biologi. Gress. Henta nov. 19, 2013 frå Steinkjer Kunnskapsportal: http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/byahalla/index.php?art_id=152
Kinderås, K. (u.d.). Steinkjer Kunnskapsportal. Henta nov. 9, 2013 frå Steinkjer Kommune: http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/byahalla/index.php?art_id=152
Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.
Leif Hauge. (2009, Juli 22). regjeringen.no. Henta sept. 30, 2013 frå regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/juli-09/kulturlandskap-grinde---engjasete-.html?id=570773#
NILSEN, A. J. (u.d.). Berekraftig utvikling (Oppgåve: Feltoppgåve for Naturfag). Henta nov. 09, 2013 frå Nasjonal Digital Læringsarena: http://ndla.no/nn/node/62793
Regjeringen, S. I. (2009, Juli 22). www.regjeringen.no. Henta Sept. 30, 2013 frå Landbruks- og matdepartementet: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/juli-09/kulturlandskap-grinde---engjasete-.html?id=570773#
Store norske leksikon (2005 - 2007). (2005-2007a). Store norske leksikon. Henta okt. 31, 2013 frå Store norske leksikon: http://snl.no/bj%C3%B8rk/bj%C3%B8rkeved
Store norske leksikon (2005 - 2007). (2009, feb. 14). Bjørk: bjørkeved. Henta okt. 31, 2013 frå I Store norske leksikon: http://snl.no/bj%C3%B8rk/bj%C3%B8rkeved
Store norske leksikon (2005 - 2007). (2012, mars 8). Never: botanikk. Henta okt. 31, 2013 frå Store norske leksikon: http://snl.no/never/botanikk
Store norske leksikon. (2009, feb. 9). Kartlav. Henta nov. 9, 2013 frå I Store norske leksikon: http://snl.no/kartlav
Sundbye, A. (2012, mars. 5). Plantevernleksikonet. Henta okt. 31, 2013 frå Plantevernleksikonet: http://leksikon.bioforsk.no/vieworganism.php?organismId=1_1686
Sunding, P. &. (2013, sept. 25). Einer. I Store norske leksikon. Henta nov. 09, 2013 frå Store norske leksikon: http://snl.no/einer
Trømborg, D. (2006). Geologi og landformer i Norge. Oslo: Landbruksforlaget.