fredag 27. september 2013

Vend i tide, det er ingen skam å snu (Horgen, 2010, s. 45). Breundervisning. 16-20. september 2013

Så var endeleg duket for breundervisning for B2 friluftslivskullet. Dette var noko eg hadde verkeleg gledet meg til, og eg må seie at brevandringa var verkeleg fantastisk. 

Målet med turen var at me skulle få ei innføring i brevandring på blåis. Me ville gå igjennom korleis me skulle bruke utstyr og kunnskap til redninger frå sprekk på blåis. Med denne innføringa ville me vere i stand til å gå på enkle breer i Norge saman med andre med tilsvarande bakgrunn. 

Hugser du «Severin Suveren» som var på tv på slutten av 1980-talet og byrjinga av 90-talet? Han snudde akkurat i tide og sa "flaks" kvar gang (Redaksjonen Ut.no, 2012). Fjellvett regel nummer 8, "vend i tide, det ingen skam å snu" vert aktuelt i dette innlegget (Horgen, 2010, s. 45). Eg kjem til å ta for meg alpine farer, noko som vart aktuelt for oss allereie den første dagen.

Bilete 1. Nigardsbreen i morgonsol, 17.09.13. Foto: Morten André Tryti


 På førehand hadde me sjekka vêret for å sjå kva me hadde i vente. Det var meldt regn på mandagen som skulle gje seg i løpet av dagen. Mandagen vart ein våt fornøyelse. Det regna kraftig frå me kom på parkeringsplassen i Jostedalen til langt ut på kvelden. Når me gjekk fram til breen var det stor vassføring på stien til breen. Me kunne sjå i fjellsida at vatn drog med seg jord som farga elver. Dette kunne vere ein steinsprangfare for oss, da elvene eroderterer rundt steinane. 

Det er ulike veger å kome seg inntil breen. På mandagen stoppa min gruppe ved brua som går over til venstre sida for breen. Går ein innpå breen frå ventre sida, vil ein gå inntil og langs fjellsida. Me stod ved brua og vurderte fjellsida. Me vurdert om det ville vere forsvarleg å gå brua og innpå breen frå den sida. Me bestemte oss for å ikkje krysse elva. Me snudde og gjekk heller mot midten av breen. Vassføringa var ganske stor i frå breportalen og av fare for steinsprang, gjekk me ikkje heilt inntil breen.

Bilete nr. 2 (16.09.13). Nigardsbreen.
Bilete nr. 3 (17.09.13). Nigardsbreen.

Bilete over er frå mandagen den 16.09.2013. 
Legg merke til antall elver på dei forskjellige dagane.





Bilete til høgre er frå tirsdagen den 17.09.2013. 
Ein av breinstruktørane hadde telt 19 elver på mandagen i mot 5 bekker på tirsdagen på begge dalsidene på veg inn til breen. 
Foto nr.2 og 3: Morten André Tryti. 





Haslene (2011) har ei overskrift til på avsnitt som heiter «De fleste ulykkene skjer til og frå breen» (s.131). Han meiner at ein er like mykje utsatt for skader på vegen til breen som på breen. Ein kan lett skli og tråkke over på glatte steiner eller på berg på stien til breen. Det kan for eksempel vere at ein ynskjer å kome seg raskt tilbake til leiren (Haslene, 2011).

Alpine farer kan delast inn i objektive og subjektive faktorer (Haslene, 2011). Objektive faktorer er faktorer som me ikkje kan gjere noko med, som for eksempel vêr, snø og kulde (Horgen, 2010). På bre kan dei objektive faktorene innanfor alpine farer vere; ferdsel til og frå breen, bresprekker, isfall, vêret, snøblindheit, uaktsomheit, utstyrssvikt, dårleg dagsform, for ambisiøs turplanlegging, panikk og dårleg samansett turlag (Haslene, 2011).

I vårt tilfelle utgjorde den objektive faktoren kraftig regnvêr som kunne resultere i steinsprang. Regnvêret kan gjere at pjolterisen (øverste laget av laus is) på breen smelter som gjer den glatt og hard (Haslene, 2011). Da kan det vere vanskeleg å få stegjernene og isøksen inni isen (Haslene, 2011).  Dei subjektive faktorane er våre vurderinger av dei objektive faktorane. Den objektive og subjektive faktoren overlapper kvarandre, og i midten dannes ulykkelsespotensialet (Attarian, 2012). Det er her ulykker skjer.

Bilete nr.4. Stor stein foran Nigardsbreen. Foto: Morten André Tryti.
Ein av breinstruktørane fortalde at steinen på bilete over hadde falt ned som vist på bilete nr.5 frå der pila starter og sprette tre ganger på berget før den landa i elvedeltaen. Steinen som var på størrelsen med ein stor bil. Steinen hadde sprettet på berget som på bilete under, bilete nr.5. 
Bilete nr. 5. Stor steinillustrasjon. Foto og teikning: Morten André Tryti.


Vurderinga at ein ikkje skulle gå på breen den mandagen, vart tatt av breinstruktørane allereie på parkeringsplassen. Når me stod på parkeringsplassen såg eg at det regna mykje, men eg tenkte ikkje over på kva faktorer regnvêret kunne medføre. På vegen inn til breen kunne me sjå fleire stader at det fossa over med vatn og dei eroderande elvene i fjellsida. Når me hadde ein vurdering ved brua, gjekk det litt opp for meg kva dei objektive farene faktisk kunne ville utgjere for oss.

«Bresafari» på Nigardsbreen. Foto: Morten André Tryti.
Ein av breinstruktørane som var kjentmann, hadde god kunnskap om korleis forholda eigentleg var på Nigardsbreen. Han sa at det kan gå bra 999 ganger, men den eine 1000 gangen kan det dårleg. Det kan eg vere veldig einig med. Det er derfor betre å vere sikker enn usikker. Denne turen har lært meg å få eit meir bevisst forhold til dei objektive faktorane. 

Dei objektive faktorane har noko å seie for turen som ein skal planlegge. Å gjere gode forberedelser på forehand er viktig. Ein kan sjekke vêrhistorikken for området på kor mykje regn som har falt og kva for temperatur det har vert i vekene før turen. Informasjonen kan ein samanlikne og den kan gje ein indikator på korleis forholda er på breen. Det er også satt opp webkamera på Breheimsenteret i Jostedalen sånn at ein kan sjå direkte bilete av korleis vêret er der. I tillegg kan ein ringe til bremuseumet og høyra korleis forholda på breen har vert i det siste. Jo betre forberedelsar ein gjer heime i frå sofaen, jo betre turvilkår vil ein få ute på tur. Det har eg tatt med meg frå denne turen.

Kjelder

Attarian, A. (2012). Risk management in outdoor and adventure programs. Scenarios of accidents, incidents and misadventures. Leeds: Human Kinetic.
Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.
Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høgskuleforlaget.
Redaksjonen Ut.no. (2012, 2 2). Fjellvettreglene som redder liv. Henta 11 18, 2013 frå Ut.no: http://ut.no/artikkel/1.6726466



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar