torsdag 14. november 2013

Gått deg bort? Veiledertur med B3. 6-7. november 2013.


Det var meldt litt regn og sol når me skulle vere med studentane frå B3 friluftsliv sin veiledartur, men det stoppa ikkje motet vårt. Me tok buss til Fjærland for å spare miljøet og bruke det lokale kollektivtilbodet. Me skulle ha gapahukplass på Endrestølen og gå på topptur til Nystølseggi. 

Målet for turen var blant anna å forbetre orientering ferdigheitane våre. I dette innlegget kjem eg til å ta for meg korleis ein krysspeiler.

Har du opplevd å gå deg bort eller ikkje å ha visst kor ein var på kartet? Befann du deg også inni tjukk skog med bare fjelltoppar rundt deg? Fortvil ikkje, då kunne du for eksempel nå følgd desse stega og krysspeile posisjonen din. Krysspeiling er noko ein må trene på. 

Min erfaring er at krysspeiling er eit fint hjelpemiddel. For å kunne krysspeile må ein oppfylle nokre krav. Ein må kunne kjenne att holdepunkter på kartet. I tillegg må ein ha klarvær for å kunne sjå området rundt seg. Har ein ikkje hatt kartkontakt, kan ein bruke krysspeiling for å finne ut kor ein er (Norges Orienteringsforbund, 2006).

Utstyr ein vil trenge er blyant eller penn, kart og kompass. Kompasset kan gjerne vere eit speilkompass som avbilda, men ikkje nødvendig. Eit speilkompass gjer det meir nøyaktig og lettare å orientere seg.. 

Ta ut kompasskurs til holdepunkt med
vanleg kompass. Foto: Morten André Tryti.
 
Ta ut kompasskurs til holdepunkt med 
speilkompass. Foto: Morten André Tryti.


1. Det første ein gjer er å orientere kartet. Da snur ein kartet slik at nord på kartet er nord i verklegheita (Horgen, 2010).
Orientere kartet. Foto: Morten André Tryti.
2. Finn ein stad med utsikt. 
Ein stad med utsikt til to eller tre fjelltopper som ein kjenner att på kartet. Ein kan krysspeile på det ein kjenner att på kartet for eksempel fjelltopper, sti, veg eller andre terrengformasjonar (Den norske turistforeining, 2009). To fjelltopper gir to holdepunkter, men tre fjelltoppar frå tre forskjellige vinklar gir eit meir avgrensa område og ein vil vere inni den oppteikna trekanten (Horgen, 2010).


3. Ta ut kompasskurs til holdepunkt. 
Sikt marsjpila til kompasset ditt mot den eine fjelltoppen og ta ut ein kompasskurs (Haslene, 2011). Vri kompasshuset slik at nordpila i bunnen av kompasshuset ligg under den raude delen av kompassnåla.
 
Ta ut kompasskurs til holdepunkt. Foto: Morten André Tryti.




Video over korleis ta ut kompasskurs til holdepunkt. Video: Morten André Tryti.


4. Overføre kompasskurs til kart.
No skal kompasskursen til fjelltoppen overførast til kartet. Legg kompasset sånn at den eine kompassiden går i gjennom fjelltoppen. Deretter flytter ein kompasset til strekene inni kompasshuset ligger parallelt med lengdegradane nord-sør på kartet (Horgen, 2010). Går kompasset sin eine langside i gjennom fjelltoppen, kan ein streke opp med blyant eller penn. Du vil stå ein stad på denne linja (Horgen, 2010).

Video av kompasskurs overføringa til kartet. Video: Morten André Tryti.



5. Ta ut ny kompasskurs til det andre holdepunktet.
Gjennomfør kompunkt 3 med ny kompasskurs til den andre fjelltoppen.


Ta ut kompasskurs til holdepunkt. Foto: Morten André Tryti.


Video over korleis ta ut kompasskurs til holdepunkt. Video: Morten André Tryti.



6. Gjennomfør punkt 4 og overfør den nye kompasskursen frå den andre fjelltoppen til kartet.



Video av kompasskurs overføringa til kartet. Video: Morten André Tryti.

7.   Du vil vere i nærheita av krysset. Jo fleire punkter ein krysspeilar på, jo meir nøyaktig vil ein få det. Sånn, no kan dere gå ut og prøve det sjølv.





Toppen av Nystølseggi 1505 moh. Utsikt vestover ut Fjærlandsfjorden. Foto: Morten André Tryti.

Min erfaring med krysspeiling er at ein trenger trening på det. Ved å lage dette innlegget har eg sjølv fått trent på det og det har hjulpet meg til å beherske det. Eg valte å lage dette innlegget med video fordi fagbøker beskriver ikkje krysspeiling like bra. Tekst må ein forstå, bilete seier meir enn tusen ord og video viser korleis ein gjer det.


Kjelder

Den norske turistforeining. (2009, 7 3). Ut.no. Henta 11 14, 2013 frå Den norske turistforeining: http://ut.no/artikkel/1.6678981
Haslene, S. (2011). Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.
Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høgskuleforlaget.
Norges Orienteringsforbund. (2006). Trygg i Naturen med kart og kompass - Opplæring i kart og kompass. Norges Orienteringsforbund.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar