fredag 13. september 2013

Naturopplevingar i fjellet. 2-8 februar 2013.

Naturopplevingar i fjellet.  2-8/9-2013.

Den første veka i september skulle B2 friluftsliv klassen på høgfjellstur nord for Leikanger. Turen var veilederstyrt i tre dager og studentstyrt i fire dager. På førehand var klassen delt i grupper og me planla kor ein skulle gå vidare på eigen ferden vår. Denne turen bevegde me oss frå subalpine området heilt opp til høgfjellet. I desse områda fant me ulike plantearter og geologiske landskapsformer som dette innlegget kjem til å innehalde.  

Lauving

Det er lang tradisjon i Norge med lauving. Lauving er å sanke treblader som vinterfõr til husdyr. Det å bruke lauv som fõr kan ein på Grinde – Engjasete gard datere til 2400 f.Kr (Regjeringen, 2009). Ein ser ofte restene av lauving rundt om i landet. Styvingstrea står som regel tilknytta vegar, steingarder, steinrøyser og bekker (Regjeringen, 2009). Lauvinga formar treet på ein spesiell måte. Det kan ein sjå etter når ein reiser rundt eller er på tur i norge, sjå bilete under. Alt av blader til tresorter er i Norge brukt til fõr som selje, osp og ask, men det er mest utbreide å bruke bjørk, asp og alm (Austad & Haltvik, 2007 ; Regjeringen, 2009). Lauving bidrar til ein stor variasjon i vegitasjon. «Sårbare beitemarkssoppar, sjeldan vedbuande soppar og interesserte artssamfunn av lav og mose held til på styvingstrea i området» (Regjeringen, 2009). Garden på Grinde har haldt på denne tradisjonen med lauving og regjeringa har utpekt Grinde – Engjasete som kulturlandskap (Regjeringen, 2009).
Lauvsanking forma træra på Grinde gard i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.


Lauvsanking forma træra på Grinde gard i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.

Bjørkeskogen


Det er to typer bjørkeskog fjellbjørkeskog og høgstaudeskogbjørkeskog (Kristoffersen, 2007). Plantesamfunnet i fjellbjørkeskogen varierer ut i frå kor den er.  Det som dominerar er lavtyper, men ein finn også for eksempel fjellkrekling, tyttebær og dvergbjørk. I områder med mykje fuktigheit vil ein i fjellbjørkeskogen finne mose i staden for lav og vil finne arter som blåbær, marimjeler, gullris og skogstjerna (Kristoffersen, 2007).
Høgstaudebjørkeskogen er ofte områder som har kalkrik jordsmonn og god tilgang på rennande grunnvatn. I desse områda er det ofte forskjellige viearter som ullvier, grønnvier og sølvvier. Sølvvier kjem eg tilbake til seinare. I same området er det vanleg med urter som for eksempel geitrams og mjødurt (Kristoffersen, 2007).  
Fjellbjørkeskogen er som eit belte mellom barskogen og skoggrensa.  Bjørk er brukt til brensel og til ein rekke formål da det er lett å bearbeide. I samanheng med bygging av støler brukte ein never som tak (Store norske leksikon (2005 - 2007), 2012).
Smågreiner vart samla saman og brukt til sopelim. Bjørk er brukt til ein rekke ting som for eksempel i møbel, verktøy, redskaper, parkett og leiker (Store norske leksikon (2005 - 2007), 2009). Fjellbjørka er utbreidt i fjellområder i Europa og Nord- og Midt- Asia (Kristoffersen, 2007).

Bjørkeskog. Foto: Jostein Amelie Authen.

Følblom.

Følblom er ein gul liten blome som er om lag  5-40 cm høg. Eit av kjenneteikna er at den har blomsterkorger som smalner nedover stilken (Sundbye, 2012). Den liknar på Fjellsveve, men Følblomen veks lavare i fjellet og har ikkje hår på seg. Den vekser på beitemark, enger og i snøleier. Ein finner blomen som regel i heile fjellkjeden. Den er funnet på 1600 moh i Jotunheimen og 1040 moh i Troms. Den er stort utbeidt i Europa, Asia og Grønland (Kristoffersen, 2007).   

 Følblom. Foto: Morten André Tryti

Sigdbrudd

På vegen over frå Nyastølen i Stavseta til Nyastølen i Friksdalen såg me fleire spor i Eitrebotn etter breen. Spora var i form av sigdbrudd.
Sigdbrudd er merker i berget etter breen. Under breen er det laus morenemasser.
Ein kan sjå avtrykk frp breen som presser morenemassane mot berget. Ein stein frå morenemassane vert pressa så hardt mot berget at den lager eitt halvmåneforma merke i berget (Trømborg, 2006).
Her er to gode sigdbrudd merker i berget. 

Sigdbrudd. Foto: Morten André Tryti.


Forvitring

Vidare på eigenferden vår frå Nyastølen til Flya såg me fleire stader resultat av mekanisk forvitring langs elva. Elva hadde erodert seg nedover i fjellet (Trømborg, 2006). Mest sannsynleg har det skjedd frostsprening langs elvar som hadde lagd store sprekker i bergene.
Frostspreng oppstår når vatn kjem ned i sprekker. Dette er fordi vatn som fryser til is kan utvide seg med 9 %. Det gjer at vatnet fungerar som ei kile og sprenger vekk små og store deler av berget (Trømborg, 2006)

 
Frostspreng. Foto: Morten André Tryti.

Duskull

Duskull er ein liten plante 20-50cm høg og veks i våte områder som myrer og snøleier. Den har to eller fleire aks i toppen av stilken. Dette gjer at ein kan skilje den frå torvull og snøull (Kristoffersen, 2007).
Den er vanleg i alle fjellområder og er utbreidt på den nordlige halvkula. Den er funnet på 1700 moh. i Jotunheimen og 1115 moh i Troms (Kristoffersen, 2007). I gamle dager har duskull vert brukt til fattigmannshovudpute (Kinderås, Steinkjer Kunnskapsportal).

Duskull. Foto: Morten André Tryti.


Einer

Einer. Foto: Morten André Tryti
Einer er ein av våre mest vanlege bartre. Den finner ein i Norge frå Lindesnes til Nordkapp. Den veks på den Nordlige halvkula som på Grønland og i varme California i USA. Einer kan vokse som lav krypande busk eller tre og kan bli opptil 15 meter (Kristoffersen, 2007). Einer veks i fjellheimen i tørr skog og på beitemarker. Den er svært tilpasningsdyktig og tåler ulike jordsmonn så lenge den får nok ljos. Einerbæret brukar lang tid å bli modne. Det første året er det grønt og når den er moden på andre året er det gråblått (Kristoffersen, 2007).
Einer har blitt brukt til så mangt opp i gjennom åra. Den er blit brukt til sledemeier og hesjestaurer (Kristoffersen, 2007). Innanfor folkemedisin brukte ein einer mot sjukdommer som mot mageverk og tannverk. Vart ein bitt av orm var einerbark bra mot det. I dag vert einer bruk til smakstilsetning i alkoholdige drikker som gin og ølbrygging. I matlaging passar einebær bra til sauser til vilt og grønnsaker (Sunding, 2013).

Molte

Molteblomsten varierer frå 5-20 cm høg. Bærene vert først raude og når dei er modne vert dei oransjegule. Moltebæret er det kun hunnblomsten som utviklar. Den veks i næringsfattige områder som torvmyrer, fuktige skoger og lyngheier. Molte er haustet på grunn av den gode smaken og den innheld mykje C-vitaminer (Kristoffersen, 2007). I folkemedisin er den brukt av sjøfolk mot skjørbuk. Molte er å finne i alle fjellområder i Europa, Grønnland og den nordlige halvkula. 

Molte Foto: Morten André Tryti

Sølvvier

Sølvvier er busker som veks i fuktige stader ved bekker, myrer og våte fjellsider (Kristoffersen, 2007). Ein vil ofte kunne sjå sølvvier belte tilknytning til høgstaudebjørkeskogen. Det fins forskjellige ulike viertyper. Sølvvier namnet kjem på grunn av dei grålodne bladene som er sølvaktige (Kristoffersen, 2007).
Sølvvier finn ein i store deler av fjellområdene og den utbreidt i Nordvest –Europa (Kristoffersen, 2007). I Norge veks den heilt ned til kysten og heilt opptil 1900 moh. i Jotunheimn. I Troms veks den opptil 1340 moh. 

Sølvvier. Foto: Morten André Tryti

Kartlav

Kartlav. Foto: Morten André Tryti
Kartlaven består av grå, gule eller gule skorpelav som ein finn på stein (Store norske leksikon, 2009). Den har eit utsende som kan minnast om eit kart. Kartlav veks 1 mm i diameter i året (NILSEN). På denne måten kan ein bruke kartlav som ein dateringsindikator for stein og steinstrukturer fordi veksten er jamn, men langsam. Å bruke kartlav som datering kalles «lichenometri» (NILSEN). Kartlav har ikkje mange bruksområder, men kartlav med heller kan brukast som dekorasjon innan- og utandørs (Store norske leksikon, 2009). Kartlav finn ein over heile Norge frå fjære til høgfjellet som me gjorde på denne turen vår.


Kjelder

Foto: Austad, I. B., & Haltvik, M. (2007, feb. 1). Informasjonsbase - Kulturlandskap. Henta okt. 31, 2013 frå Informasjonsbase - Kulturlandskap: http://www.kulturlandskap.museum.no/sff/museum_res.nsf/0/42FF35644CB610C5C12572D70032F890/$FILE/lauvingsrapport.pdf
Kinderås, K. (u.d.). Natur og landskap. Biologi. Gress. Henta nov. 19, 2013 frå Steinkjer Kunnskapsportal: http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/byahalla/index.php?art_id=152
Kinderås, K. (u.d.). Steinkjer Kunnskapsportal. Henta nov. 9, 2013 frå Steinkjer Kommune: http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/byahalla/index.php?art_id=152
Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.
Leif Hauge. (2009, Juli 22). regjeringen.no. Henta sept. 30, 2013 frå regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/juli-09/kulturlandskap-grinde---engjasete-.html?id=570773#
NILSEN, A. J. (u.d.). Berekraftig utvikling (Oppgåve: Feltoppgåve for Naturfag). Henta nov. 09, 2013 frå Nasjonal Digital Læringsarena: http://ndla.no/nn/node/62793
Regjeringen, S. I. (2009, Juli 22). www.regjeringen.no. Henta Sept. 30, 2013 frå Landbruks- og matdepartementet: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/juli-09/kulturlandskap-grinde---engjasete-.html?id=570773#
Store norske leksikon (2005 - 2007). (2005-2007a). Store norske leksikon. Henta okt. 31, 2013 frå Store norske leksikon: http://snl.no/bj%C3%B8rk/bj%C3%B8rkeved
Store norske leksikon (2005 - 2007). (2009, feb. 14). Bjørk: bjørkeved. Henta okt. 31, 2013 frå I Store norske leksikon: http://snl.no/bj%C3%B8rk/bj%C3%B8rkeved
Store norske leksikon (2005 - 2007). (2012, mars 8). Never: botanikk. Henta okt. 31, 2013 frå Store norske leksikon: http://snl.no/never/botanikk
Store norske leksikon. (2009, feb. 9). Kartlav. Henta nov. 9, 2013 frå I Store norske leksikon: http://snl.no/kartlav
Sundbye, A. (2012, mars. 5). Plantevernleksikonet. Henta okt. 31, 2013 frå Plantevernleksikonet: http://leksikon.bioforsk.no/vieworganism.php?organismId=1_1686
Sunding, P. &. (2013, sept. 25). Einer. I Store norske leksikon. Henta nov. 09, 2013 frå Store norske leksikon: http://snl.no/einer
Trømborg, D. (2006). Geologi og landformer i Norge. Oslo: Landbruksforlaget.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar