B2
friluftsliv starta friskt på med ein forberedelsesdag og deretter rett på
kanotur. Me padla frå Amla i Kaupanger til Holm. På førehand var me delt inn i grupper på 4-5 stykk og skulle overnatte i gapahuk.
Hovudmåla
ved turen var:
·
Bli betre kjent
· Basisferdigheiter i friluftsliv
·
Trivsel ute utan telt som ly for vær og vind
·
Bli betre til å ferdes på sjø/innsjø med kano
·
Trygg på sikkerheit knytta til vann og kano
·
Kameratredning i sjø/ope vatn og førstehjelp
I denne turen skulle me som sagt sove under open himmel. Me skulle bygge ein gapahuk gruppevis med hyssing og ein presenning. Ein gapahuk har som ein regel ei ramme og eit tak. Den er bygd med minimalt utstyr. Utstyret ein vanlegvis vil
trenge for å sette opp ein gapahuk er tau, kniv, sag eller øks, samt presenning og tilgang
til trestokker. Kva for material ein bruker som tak kan variere. Tradisjonelt er taket av greiner og busker. På turen brukte me presenning til tak som er både
raskt og effektivt.
Me fekk
ein gruppeoppgåve å sette opp gapahuken. To stykk i gruppa var "blinde", mens tre
andre ikkje kunne bruke armane. Oppgaven løyste me bra da alle på gruppa hadde ein
grunntanke om korleis gapahuken skulle bli satt opp.
Tradisjonell gapahuk. Foto: Frode Svane |
Å bruke
presenning sparar naturmiljøet. Skal ein lage gapahuk med eit tradisjonelt tak av greiner
og busker, kan dette medføre eit inngrep i naturen.
For å minske skaden bør ein prøve å finne trær, gjerne falne trær som materiale. Desse bør ein helst finne utanfor overnattingsområdet. På vår leirplass låg det stokker
som var blitt brukt fleire gonger og som kunne gjere nytte igjen. Gjenbruk av gamle trestokker og presenning vil bidra til ein sporlaus ferdsel på
overnattingsstaden.
To ulike gapahuker. Den minste til høgre var vår overnattingsplass. Foto: Morten A. Tryti. |
Det er ingen fasit på bygging av gapahuk. Det er avhengig av vær, årstid, vind og antall personar som skal sove der. Ein annan faktor er kor bålet blir plassert med tanke på vinkel og varme. Vinkelen skal vere rundt 45 grader frå mønestokk ned til bakken, i følgje McManners (2007). Som du kan sjå på biletet, var vår gapahuk mindre værutsatt fordi vinkelen var lavere. Det er mange måter å bygge ein gapahuk. Det viktigaste er at den gir ly for vær og vind.
Kjelder
Bursell,
J. (2004). Friluftsliv - under åpen himmel året rundt. Oslo:
Landbruksforlaget.
McManners, H.
(2007). Overlev under alle himmelstrøk. Oslo: N.W. Damm & Søn.
Svane, Frode. (2002, februar 24). hugen.no. Hentet
September 23, 2013 fra http://www.hugen.no/heimskringla/heims10.htm
Fint innlegg om å byggje gapahuk, Morten! Det eg har å utsette er at du kjem med ny informasjon i avslutningsavsnittet, dette burde kanskje komme lengre oppe. (Etter regelen skal det helst ikkje vere ny informasjon med kjelder i avslutninga, om eg hugsar rett.)
SvarSlettRagni :-)