fredag 28. mars 2014

På feil kurs? Eigenferd 14-21.mars 2014


Det var tid for eigenferd. Ein eigen planlagt tur på våre eigne premissar og val. Dette var noko eg hadde sett fram til ganske lenge. Eg ynskja å gå ein lenger vinterfriluftstur der ein fekk prøvd seg litt. Eg snakka litt med andre i klassen og forslaget mitt om Rondane vart valt. Me var opprinneleg fire gutar som skulle på tur, men den eine deltakaren vart skada før turen og kunne ikkje vera med. Me skulle gå Rondane på langs frå Hjerkinn til Ringebu. Turen var basert på ut.no sitt «Rondane på langs» forslag. Me køyrde fredag den 14. mars til Ringebu der me satt  i frå oss bilen og tok toget til Hjerkinn. Me skulle gå vere på tur frå fredag til fredag og alle gjekk med pulker. Etappane kvar dag låg på ein rundt 15-20 km. Me kom til Ringebu på fredag og da hadde me lagt bak oss om lag 132 km. Tema for dette blogginnlegget vil vere orientering da meste parten av tiden vår bestod akkurat å orientere oss i terrenget.

Ei av dei flotte utsiktene vår på turen (Foto: Morten André Tryti)

Orientering når ein er på tur er viktig. Det er viktig å ha kartkontakt og kunne lese kartet (Horgen, 2010). På vinteren, gjer snøen det slik at alt ser likt ut og ein vil ikkje kunne sjå terrengformasjonane. Når eg orienterte blei ein kombinasjon med kompasskurs og lendeorientering brukt. Det fungerte bra for meg. I nokre områder av turen var det lite haldepunkta å gå etter, slik at det var vanskeleg å gå rett mot området me skulle (Horgen, 2010). På turen byta me å orientere for å trene på dette. Me orienterte ein halv dag og ein helg dag kvar som me rullerte på. Ein teknikk me brukte når det var «white-out» for å få effektivitet i gåinga vår var at alle var med på orienteringa. Eg gjekk på kompasskurs og brøyta veg. Nummer tre gjekk med kompasset framme og brukte nummer to for å sjå om eg gjekk rett og korrigerte meg (Horgen, 2010). Dei ropte «bra kurs, litt høgre/venstre osv». Dette fungerte bra og me brukte denne teknikken ved eit par annledningar der me ikkje hadde noko festepunktar (Horgen, 2010). Etter kvart som ein kom inn i rutinarne, tok me ut kursen i teltet når ein var varme og gode.

"White-out" orientering nest siste dagen (Foto: Morten André Tryti )

Før me sette i gang og gå, gjekk me i gjennom kva den enkelte hadde tenkt om etappen og me tok alle ut kompasskursar for å kontrollere at ein hadde gjort det riktig. På denne måten unngjekk me at nokon hadde vert unøyaktig og gjort den klassiske feilen ved å snu kompasset og tatt ut 180 grader feil kurs (Horgen, 2010). Når me orienterte brukte me ledelinjer og fanglinjer. Ledelinjer er for eksempel ein gjenkjennbar terrengformasjon som me kan følje for å halde kursen vår (Horgen, 2010). Fanglinjer er eit oppfang som forteljer oss om kor me har kome. Fanglinjer kan for eksempel vere ein markert stigning eller ein veg.

12 km langt festepunkt opp mot Gråhøgdbu frå Eldåbu
Ei hending på turen var når me skulle ned til Haverdalsmunnen (2 etappen, Grimsdalshytta-Dørålseter). I Haverdalsmunnen var det store morenerygger. Dei store moreneryggane var ikkje merka av på kartet og gjorde nedstiginga for å kome seg over elva vanskeleg med pulk. Me kalla dei 19,5 meterarar. Dette gjorde at me fekk ein openbaring med kart i mot terreng, over kva som gjenspeilast på kartet. Dette var ein god erfaring.
Morenerygger ved Haverdalsmunnen. Ser ikkje bratt ut, men farleg nok
(Foto: Morten André Tryti)
Eigenferden vår var kjempe bra. Me fekk trent bra på temane som ein er innom på ein lenger vinterfriluftstur. Ein morsom oppleving var når me gå frå stikka løype og over ei tilsynelatande flatt myr område. Når me gjekk over den var det fullstendig «white-out» og ingen kontraster eller festepunkter og gå etter. Når me byrja og å gå gjekk den fremste rett inni ein skavel, om lag ein 2,5-3 meter høg skavel som var rett foran oss. Ingen av oss såg at den var der. Me måtte gå nokre titals meter til sida for å forsere og kome oss over den. Den overraska oss og gjorde at me var litt skjerpa. Det gjorde at den fremste mannen gjekk då med skistavane sine litt foran seg viss me skulle plutseleg gjekk utfor ein sånn skavel.
Den eine dagen eg skulle orientere så var eg på feil kurs. Til slutt stoppa dei meg for å høyre kva eg tenkte. Me kom fram til at eg hadde feil kurs. Eg hadde gps’en og eit kamera i brystlommene på jakka og mest sannsynleg var dei som utgjorde feilen. Eg er eigentleg på passeleg med forstyrrelsar og kompass, men kanskje akkurat denne gangen var eg ikkje det. Den hendinga gjorde og har gjort meg meir oppmerksamd på ulike orienterings forstyrringar.

Orientering er noko som krev trening, spesielt på vinteren. Får å få den treninga må ein kome seg ut på tur. Så da gjenstår det bare ein ting å gjere det er å kome seg ut. Lykke til!

Me planla turen vår etter Ut.no sin  «Langtur på ski fra Hjerkinn til Lillehammer», men me gjekk bare til dag 5 og frå Gråhøgda til Fålåmyra (nord for Ringebu).
Ta kontakt viss ein ynskjer tips angåande vår tur. Morten: mortentr12@gmail.com

Kjelder

Horgen, A. (2010). Friluftslivveiledning Vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.