fredag 30. august 2013

Gapahuk – den nye studentboligen? Kanotur. 21-23. august 2013.


B2 friluftsliv starta friskt på med ein forberedelsesdag og deretter rett på kanotur. Me padla frå Amla i Kaupanger til Holm. På førehand var me delt inn i grupper på 4-5 stykk og skulle overnatte i gapahuk.

Hovudmåla ved turen var:
·         Bli betre kjent
·         Basisferdigheiter i friluftsliv
·         Trivsel ute utan telt som ly for vær og vind
·         Bli betre til å ferdes på sjø/innsjø med kano
·         Trygg på sikkerheit knytta til vann og kano
·         Kameratredning i sjø/ope vatn og førstehjelp

I denne turen skulle me som sagt sove under open himmel. Me skulle bygge ein gapahuk gruppevis med hyssing og ein presenning. Ein gapahuk har som ein regel ei ramme og eit tak. Den er bygd med minimalt utstyr. Utstyret ein vanlegvis vil trenge for å sette opp ein gapahuk er tau, kniv, sag eller øks, samt presenning og tilgang til trestokker. Kva for material ein bruker som tak kan variere. Tradisjonelt er taket av greiner og busker. På turen brukte me presenning til tak som er både raskt og effektivt.

Me fekk ein gruppeoppgåve å sette opp gapahuken. To stykk i gruppa var "blinde", mens tre andre ikkje kunne bruke armane. Oppgaven løyste me bra da alle på gruppa hadde ein grunntanke om korleis gapahuken skulle bli satt opp.

Tradisjonell gapahuk.
Foto: Frode Svane
Det første ein bygger på gapahuken er rammeverket. Det består av ein mønestokk, takstolar og to bærande trær. Mønestokken er festa i to trær med passande avstand mellom seg (McManners, 2007). Avstanden mellom dei bærande trea varierer på ut i frå størrelsen på presenningen, og kor mange som skal sove under gapahuken. «Ein presenning på 4 x 5 meter passer fint som bivuakk til 4-5 personer» (Bursell, 2004, s. 188).


Å bruke presenning sparar naturmiljøet. Skal ein lage gapahuk med eit tradisjonelt tak av greiner og busker, kan dette medføre eit inngrep i naturen. For å minske skaden bør ein prøve å finne trær, gjerne falne trær som materiale. Desse bør ein helst finne utanfor overnattingsområdet. På vår leirplass låg det stokker som var blitt brukt fleire gonger og som kunne gjere nytte igjen. Gjenbruk av gamle trestokker og presenning vil bidra til ein sporlaus ferdsel på overnattingsstaden.

To ulike gapahuker. Den minste til høgre var vår overnattingsplass.
Foto: Morten A. Tryti.













Det er ingen fasit på bygging av gapahuk. Det er avhengig av vær, årstid, vind og antall personar som skal sove der. Ein annan faktor er kor bålet blir plassert med tanke på vinkel og varme. Vinkelen skal vere rundt 45 grader frå mønestokk ned til bakken, i følgje McManners (2007). Som du kan sjå på biletet, var vår gapahuk mindre værutsatt fordi vinkelen var lavere. Det er mange måter å bygge ein gapahuk. Det viktigaste er at den gir ly for vær og vind. 

Kjelder

Bursell, J. (2004). Friluftsliv - under åpen himmel året rundt. Oslo: Landbruksforlaget.
McManners, H. (2007). Overlev under alle himmelstrøk. Oslo: N.W. Damm & Søn.
Svane, Frode. (2002, februar 24). hugen.no. Hentet September 23, 2013 fra http://www.hugen.no/heimskringla/heims10.htm