fredag 31. januar 2014

«Don’t break a leg». Vintertur med førstehjelp, 22-23.januar 2014.

Det nærma seg vintertur på Hemsedal. For å forberede oss til den turen, skulle me på ein overnatting til Haukåsen der me skulle få teste ut personleg utstyr og fellesutstyr. Me skulle få erfaring og kunnskap om leirlivet på vinteren med tanke på teltoppsett, levegg og latrine. Me skulle bruke kokeapparat i telt, vinterorientering og tilpassa skiutstyret vårt. Etter at me hadde pakka leir skulle me dra nedover mot Haukåsen og ha førstehjelpsscenarioer undervegs. I dette innlegget vil eg gå meir inn på førstehjelp ved brudd i leggbeinet.

I eit av scenariene som me fekk var det eit beinbrudd i leggen hos ein person. Me var mange folk tilstades for å hjelpe til med situasjonen. Eg har tidlegare erfaring frå Forsvaret der me trente på ulike situasjonar med beinbrot. Den treninga kom godt med under dette scenariet. Eg hugsa igjen ein god del av krava til blant anna spjelking. Med tanke på me eiga erfaringa, tenkte eg å la andre i gruppa slippe til slik at dei kunne få prøvd førstehjelpe på brot. Det var lite erfaring med  brotskader i gruppa noko som gjorde at eg måtte engasjere ein del for at det skulle iverksettast behandling.

Ein kan skilje mellom opne brot og lukka brot. I opne brot vil det vere ein sårkanal frå knokkelen og ut i huda. I lukka brot er huda ved brotskaden intakt (Forsvarets Sanitet, 2004). Eit brot kan delast inn i forskjellige typar: Det kan vere tverr-, skrå eller spiral-brot. Ein kan få knusning- eller kompresjonsbrot og avrivningsbrot (Forsvarets Sanitet, 2004). Det er over 200 knokler i kroppen, og eg vil fokusere på førstehjelp ved brot i legg, ankel og fot (Forsvarets Sanitet, 2004).

Lukka og opent brot i leggbeinet
(Foto: Førstehjelpsråd, Norsk, 2009)
Førstehjelp ved brot i leggbeinet:
1.      Mistenker ein brotskade, skal ein sjå etter feilstilling på knokkelen eller leddet.  
2.      Pasienten vil ha store smerter ved brot i leggbeinet og skinnleggen (Førstehjelpsråd, Norsk, 2009).
3.      Er det eit opent brot, må ein dekke det til med sterilt kompress for å unngå infeksjonar.
3a. Ein legger eit sterilt kompress oppå såret.
3b. Vidare må ein hindre at det kjem press på beinpipa viss den stikker ut av huden. Det gjer ein ved å bygge opp på kvar av sidene til beinpipa med for eksempel samanrulla kompress eller trekanttørkler (Forsvarets Sanitet, 2004).
3c. For å halde det saman fester ein det med ein bandasje.  Viktig å sjekke kapillærfyllinga (pulsen) nedanfor brotstaden for at ein ikkje har stramma bandasjen for hardt (Forsvarets Sanitet, 2004).
3d. Deretter hevar ein skadeområdet høgt for å redusere blødning og hevelse.
4.      Legg på ein komprimerande forbindelse som består av støttebandasje for å redusere blødninga i brotområdet og hevelsen (Førstehjelpsråd, Norsk, 2009).
5.      Har ein tilgang på ispose kan ein kjøle området. «Nedkjølingen virker smertelindrende og gjør det mindre smertefullt for pasienten å bevege seg» (Førstehjelpsråd, Norsk, 2009, s. 140).
6.      Når bandasjen er på, må ein støtte skadeområdet og hald foten i ro. Ein kan også heve foten for at det redusere blødning og hevelse.
7.      Varsle. Ring 113 for å varsle om kva som har skjedd.


Førstehjelp ved brotskader
(Foto: Forsvarets Sanitet, 2004) 
Spjelking:
Ved brotskader er det viktig å halde området mest mogleg i ro for å unngå meir komplikasjonar (Forsvarets Sanitet, 2004). For å få til det kan ein spjelke området. Skal ein bruke ein spjelk er det nokre krav.  Ein spjelk skal:
Ulike krav til ein spjelk
(Foto: Forsvarets Sanitet, 2004)
1.      Ein spjelk skal vere lang nok fordi ein skal halde området over- og under brotstaden i ro.
2.      Den bør vere polstra for å ikkje påføre trykk og irritere huden (Forsvarets Sanitet, 2004).
3.      Den skal ikkje vere for stram over brotstaden eller vere for slapp.
4.      Konstruksjonen må vere fast, men ein må sjekke at ein ikkje stopper blodsirkulasjonen.
5.      Den skal ikkje lede kulde.
6.      Den skal vere stiv nok slik at den har noko hensikt.
7.      Skal ikkje vere for tung for pasienten.

Eit tips som me fekk av ein av veiledarane våre var å bruke eit oppblåsbart liggeunderlag til spjelking. Den vil halde området stivt, hindre nedkjøling og gi kompress når ein blåser den opp.

Eg har ikkje vert i ein situasjon der ein person har brote beinet, heldigvis, men eg har vert med når ein person fekk skuldra ut av ledd. Den skadde vil mest sannsynleg skrike og vere i store smerter. Det vil da vere vanskeleg å halde hovudet kaldt og gjere dei riktige handlingane, men med trening vil det bli betre. Det er derfor viktig å trene på ulike førstehjelpsscenarioer. Da gjenstår det bare å gå ut å trene på behandling av brotskader. 


Kjelder

Forsvarets Sanitet. (2004). Lærebok i Sanitetsfagtjeneste. Oslo: PDC Tangen AS.

Førstehjelpsråd, Norsk. (2009). Førstehjelp. Oslo: Gyldendal.